
Flyhistorisk Museum Sola
Flysamling i ein verneverdig tyskarhangar
Museet ligg i den gamle sjøflyhamna ved Stavanger lufthavn Sola – eit imponerande syn, med ei stor og unik samling fly.
Kva skjer
Det er ingen arrangement framover akkurat no. Sjå innom igjen snart!
Rundt 35 fly i tre hallar
Blant dei rundt 35 utstilte flya finn du alle jetflya Luftforsvaret tidlegare har operert, klassikarar frå andre verdskrigen som Consolidated PBY Catalina og Fieseler Fi 156 Storch, og klassiske fly frå norsk sivil luftfart i etterkrigstida.
Museet blir i hovudsak drive av frivillige, som restaurerer gamle fly, held omvisingar og utfører ulike driftsoppgåver. Jærmuseet har samarbeidd tett med Flyhistorisk Museum Sola sidan 1997, og i januar 2002 overtok Jærmuseet det operative ansvaret for museet.

Skule og barnehage
Undervisningstilbodet for grunnskulen er gratis, og i Torpedoverkstedet er det eit opplegg om andre verdskrigen for ungdomsskule og vidaregåande.
Selskap og utleige
Omvisingar for grupper heile året – også utanom opningstid – og utleige av møterom, Mimrehallen, kaféen eller heile museet på kveldstid.
Planlegg besøket
Stengt i dag
| Onsdag 28. oktober | Stengt |
|---|---|
| Torsdag 29. oktober | Stengt |
| Fredag 30. oktober | Stengt |
| Laurdag 31. oktober | 12.00–16.00 |
| Sundag 1. november | 12.00–16.00 |
| Måndag 2. november | Stengt |
| Tysdag 3. november | Stengt |