
Science Circus
Eit vitensenter på hjul
Science Circus har som målsetting å pirra nysgjerrigheita og undringa til barn og ungdom innan naturvitskap og matematikk.
Eit omreisande vitensenter
Jærmuseet Science Circus reiser i hovudsak rundt til skulane i Rogaland, men har òg vore på turné både i Agder-fylka, i Island og på Færøyane. I løpet av eit skuleår er me innom dei fleste kommunane i Rogaland, og møter i overkant av 10.000 elevar.
Besøk til skulane består ofte av show, interaktive eksperiment i matematikk, naturfag og astronomi og undervisning av elevar. Science Circus held òg lærarkurs. Saman med Vitenfabrikken og Vitengarden utgjer me vitensentersatsinga i Jærmuseet.

Kva skjer
Det er ingen arrangement framover akkurat no. Sjå innom igjen snart!
Skule og barnehage
Realfagsshow, mobil utstilling og undervisningsopplegg for skulane – eit besøk frå Science Circus er gratis.





