Douglas DC-6B utanfor Flyhistorisk Museum Sola ein kveld med tåke

Flyhistorisk Museum Sola

Flysamling i ein verneverdig tyskarhangar

Museet ligg i den gamle sjøflyhamna ved Stavanger lufthavn Sola – eit imponerande syn, med ei stor og unik samling fly.

Kva skjer

Det er ingen arrangement framover akkurat no. Sjå innom igjen snart!

Rundt 35 fly i tre hallar

Blant dei rundt 35 utstilte flya finn du alle jetflya Luftforsvaret tidlegare har operert, klassikarar frå andre verdskrigen som Consolidated PBY Catalina og Fieseler Fi 156 Storch, og klassiske fly frå norsk sivil luftfart i etterkrigstida.

Museet blir i hovudsak drive av frivillige, som restaurerer gamle fly, held omvisingar og utfører ulike driftsoppgåver. Jærmuseet har samarbeidd tett med Flyhistorisk Museum Sola sidan 1997, og i januar 2002 overtok Jærmuseet det operative ansvaret for museet.

Sjøflyet Consolidated PBY-5A Catalina i hangaren saman med fleire andre fly

Skule og barnehage

Undervisningstilbodet for grunnskulen er gratis, og i Torpedoverkstedet er det eit opplegg om andre verdskrigen for ungdomsskule og vidaregåande.

Selskap og utleige

Omvisingar for grupper heile året – også utanom opningstid – og utleige av møterom, Mimrehallen, kaféen eller heile museet på kveldstid.

Planlegg besøket

Stengt i dag

Dei neste sju dagane
Onsdag 28. oktoberStengt
Torsdag 29. oktoberStengt
Fredag 30. oktoberStengt
Laurdag 31. oktober12.00–16.00
Sundag 1. november12.00–16.00
Måndag 2. novemberStengt
Tysdag 3. novemberStengt

Adresse

Sola Prestegårdsveg 170, 4050 Sola