

I Garborgsenterets utstilling i høve grunnlovsjubileet, «Høgt og fritt», som hang til mai i år, var det mogleg å stemma på uvanlege parti og uortodokse kandidatar. Me hadde laga lister over politikarar som me trudde barna ville lika – og fekk inn 915 røyster.
Ikkje verst, tatt i betraktning at dei fleste gjekk på småskulen og hadde utstillinga som sitt første møte med demokratiet.
Valresultatet vart slik:
Spionpartiet 18,9 %, Godtepartiet 17,8 %, Kosepartiet 11,7 %, Naturpartiet 10,2 %, Skurkepartiet 8,3 %, Barnepartiet 7,9 %, Dustepartiet 7,3 %, Skulepartiet 6,6 %, Handelspartiet 6,2% og Politikarpartiet 5,0 %.
Det var anledning til å kumulera dei kandidatane dei likte best, men ikkje å gje slengarar. Kommunestyret fekk følgjande samansetning:


Spionpartiet, tre representantar: James Bondevik, Kalle Føter og Skummel Gibson
Godtepartiet, tre representantar: Bamse Mommsen, Håkon Ditor og Marie Kjeks
Kosepartiet, to representantar: Rosa Blom og Helle Dussen
Naturpartiet, to representantar: Mikkel Rev og Pelle Kahn
Skurkepartiet, ein representant: Palle Snekra
Barnepartiet, ein representant: Lillebjørn Olsen
Dustepartiet, ein representant: Unn Derli
Skulepartiet, ein representant: Endre Oppgaven
Handelspartiet, ein representant: Arve Rett
Me spurde Politikarpartiets lokallagsleiar og ordførarkandidat, Angela Merkelie, om kvifor dei ikkje fekk plass i kommunestyret.


Konsistensielt innhald?
“Er du frekk? Spør meg igjen om fire år, sa eg.”
Men spennande vert det allereie nå. For kva konstellasjonar vil dette valresultatet føra til? Korleis vil det gå med det allereie betente forholdet mellom Barnepartiet og Skulepartiet, til dømes? Er Skurkepartiet i det heile tatt demokratisk? Korleis vil Naturpartiet forholda seg til Handelspartiet? Vil Godtepartiet og Barnepartiet stemma i lag i alle saker som har med barn og godt å gjera? Kan me rekna Kosepartiet til denne konstellasjonen, sjølv om ein del av Barnepartiet sine veljarar er i sterk opposisjon til kos, særleg frå gamle tanter? Spionpartiet er det ikkje så lett å lesa på førehand, dei held som vanleg sine kort tett til brystet; men me veit at dei ofte hamnar på vippen som resultat av at dei veit korleis dei andre partia har tenkt å stemma.
At dei får ordføraren verkar derimot sikkert. Anropsnummeret til calleren på ordføraren sitt skrivebord skal allereie ha blitt endra til 007.



Me forsøkte å ringa den nyvalde ordføraren, James Bondevik; men like før me tasta nummeret, ringte telefonen vår.
“Hei, det er Bondevik. Planla de å ringa til meg?”
Me gratulerte han med valet, men då me skulle til å spørja kven som vert varaordførar, sa han:
“Nei, det vil eg ikkje ut med.”

Eit anna støtteparti kan vera Kosepartiet. Dei seier sjeldan nei til å møtast for å drøfta viktige saker over ein kopp kaffi og wienerbrød.
Førstekandidat Helle Dussen gjev klårt uttrykk for å vera glad då me tar kontakt.
“Så hyggjeleg at de ringjer. Ja, det var koseleg. Tenk at me kom inn i kommunestyret! Åh, eg vert så rørt.”

Korleis vil de bruka den moglegheita til å påverka lokalsamfunnet som de nå har fått?
“Det må me diskutera. Ja, ta ein god og lang drøs med alle som vil koma. Først klem, så drøs. Me kjem til å invitera alle dei andre partia på spleisefest til helga. Eg skal laga krumkaker etter oppskrifta til bestefar.”
Valets største overrasking, saman med det faktumet at Politikarpartiet ikkje fekk inn ein einaste representant, var at Barnepartiet berre fekk ein. Trass alt utgjorde barna nesten heile veljarmassa.

«Beklager, men eg får kje lov til å snakka med framande.»
Ei stund seinare vert me ringt opp av partiets talsperson.

«Hei, det er fru Olsen som ringer. Eg er mor til Lillebjørn. Han har lagt seg nå, men de kan få snakka med meg.”
Me avslår, og tar heller kontakt med Handelspartiet. Arve Rett fortel at dei allereie er i forhandlingar med dei andre partia.
“Dette vil nok dra ut, og det er me glade for.”
Kvifor likar de det?
“Me er Handelspartiet og sjølvsagt for handlingar som har med forhandlingar å gjera.”
Kven kjem de til å samarbeida mest med?
“Dei som ikkje prutar. Elles er det mange kjekke folk her, særleg dei i Dustepartiet. Dei finn ofte ikkje fram til møtelokala og det er herleg. Personleg trur eg likevel at Naturpartiet er den mest naturlege samarbeidspartneren for oss.”
Tenkjer du på noko særskilt her, herr Rett?
“Me vil gjerne selja naturen og dei vil kjøpa. Eit godt utgangspunkt for forhandlingar.”
Dette blir spennande. Garborgsenteret kjem til å følgja nøye med dei neste fire åra.
