Ettersom Garborgsenteret si hovudmålgruppe er ungdom og unge vaksne, har Garborgsenteret oppretta ei referansegruppe beståande av tolv elevar ifrå vidaregåande skule. Med jamne mellomrom får dei delta i utviklinga av utstillinga. På septembersamlinga fekk dei ein dag i lag med fotografen Ingeborg Skrudland og medieeksperten Vilhelm Skjærpe. Dette var ikkje berre for å verte betre fotografar, men for å ta bilete til Garborgsenteret si utstilling.
Nokre av elevane reiste med Skrudland ut på landet for å ta bilete av landskap og dyr, medan dei andre vart med Skjærpe til Bryne sentrum for å knipse menneske, plakatar og skilt – og som me kan sjå var det dyr i Sandtangen på Bryne òg.

Frå venstre: hund, dame, Torjei, Otto.

Torjei er nøgd med motivet.

Skjærpe instruerer.

Otto og Torjei kosar seg i damebutikken.
Elevane viste seg å vera både ivrige, kreative og dyktige. Nokre av dei hadde eigne speglreflekskamera og var allereie erfarne hobbyfotografar. Skjærpe, som er engasjert av Garborgsenteret for å laga utstillinga, var veldig imponert: “Eg tykte dei hadde mange gode idear og auge for gode motiv.” På spørsmål om bileta kan brukast i utstillinga, nikka han bestemt og svara: “Ja, det er det ingen tvil om.”
Fotograf Ingeborg Skrudland, som tok med seg ei gruppe rundt på Jæren for å ta landskapsbilete, var like så nøgd. Ho nytta ord som “reflekterte ungdomar” og “klåre meiningar” då ho vart beden om å skildra dei elevane ho hadde med seg. “Det var tydeleg at fleire av dei hadde fotoerfaring. Dei var kreative og gode til å utvikla idear.”
Nokrw av bileta dei tok er blitt ein del av Garborgsenteret si faste utstilling.
Skrive av Ørjan Johansen