Grødalandstunet sett frå lufta, med gardshusa, jordene og sjøen i bakgrunnen

Grødalandstunet

Eit av dei finaste og best bevarte gardsanlegga i Rogaland

Ein typisk sjøgard med flott utsyn mot havet i vest. Opplev roen og stemninga i dei gamle stovene.

Kva skjer

Det er ingen arrangement framover akkurat no. Sjå innom igjen snart!

Ein typisk sjøgard

Her finn du husa etter to av gardsbruka på sine opphavlege tufter. Bygningane er frå 17- og 1800-talet. Opplev roen og stemninga i dei gamle stovene, og få eit innblikk i korleis folk på sjøgardane budde og levde kring midten av 1800-talet eller tidleg på 1900-talet.

På aktivitetsdagane kan du få vera med på leik og ulike gjeremål knytt til arbeid og matstell i eldre tid. Museet ligg nydeleg til med utsikt over sjøen, og er eit fint utgangspunkt for turar på Kongevegen.

Eit av dei gamle husa på Grødalandstunet, med steingard og blomar framfor

Skule og barnehage

Opplegg med undervisning i sesongen frå 1. mai og ut september – gratis for grunnskulen og barnehagane i Hå.

Planlegg besøket

Stengt i dag

Dei neste sju dagane
Onsdag 28. oktoberStengt
Torsdag 29. oktoberStengt
Fredag 30. oktoberStengt
Laurdag 31. oktoberStengt
Sundag 1. novemberStengt
Måndag 2. novemberStengt
Tysdag 3. novemberStengt

Adresse

Grødaland 64, 4365 Nærbø