
Grødalandstunet
Eit av dei finaste og best bevarte gardsanlegga i Rogaland
Ein typisk sjøgard med flott utsyn mot havet i vest. Opplev roen og stemninga i dei gamle stovene.
Kva skjer
Det er ingen arrangement framover akkurat no. Sjå innom igjen snart!
Ein typisk sjøgard
Her finn du husa etter to av gardsbruka på sine opphavlege tufter. Bygningane er frå 17- og 1800-talet. Opplev roen og stemninga i dei gamle stovene, og få eit innblikk i korleis folk på sjøgardane budde og levde kring midten av 1800-talet eller tidleg på 1900-talet.
På aktivitetsdagane kan du få vera med på leik og ulike gjeremål knytt til arbeid og matstell i eldre tid. Museet ligg nydeleg til med utsikt over sjøen, og er eit fint utgangspunkt for turar på Kongevegen.

Skule og barnehage
Opplegg med undervisning i sesongen frå 1. mai og ut september – gratis for grunnskulen og barnehagane i Hå.
Planlegg besøket
Stengt i dag
| Onsdag 28. oktober | Stengt |
|---|---|
| Torsdag 29. oktober | Stengt |
| Fredag 30. oktober | Stengt |
| Laurdag 31. oktober | Stengt |
| Sundag 1. november | Stengt |
| Måndag 2. november | Stengt |
| Tysdag 3. november | Stengt |