
Knudaheio
Arne Garborg si sommarstove
Knudaheio stod ferdig i 1899. Frå då av reiste Arne Garborg hit for å skriva nesten kvart år til han døydde i 1924.
Ein stad for både arbeid og rekreasjon
Knudaheio er Arne Garborg si sommarstove ved Undheim på Jæren. Innreiing og inventar er autentisk, og dei fleste fotografia som er tatt av Arne i og utanfor huset, er utstilte inne. Det biografiske verket Knudaheibrev (1904) er skrive her, og har fått namn etter staden.
I 1924 donerte enka Hulda Garborg eigedomen til Time kommune. Både Arne og Hulda er hauglagde i hagen. I 2025 opna ei ny utstilling der du blir kjend med Knudaheio som gravstad, minnestad, skrivestad og turstad.
Knudaheio og Garborgheimen, barndomsheimen til Arne Garborg, har same opningstider. Løyst billett på ein av stadene gjeld òg på den andre same dagen, og du får rabatt på inngangsbilletten til Garborgsenteret når du viser billett frå Garborgheimen eller Knudaheio.









Opningstider
Stengt no
Stengt dei neste sju dagane.
Prisar og billettar
Inngangspengar:
kr 40,-; alle under 18 år går gratis.
Kva skjer
Det er ingen arrangement framover akkurat no. Sjå innom igjen snart!
Nytt frå Knudaheio

Ny utstilling på Knudaheio: -ein stad for både arbeid og rekreasjon
I 100 år har Knudaheio vore forfattarmuseum. 20. juni 2025 blei derfor ei ny utstilling offisielt opna i det som var Arne Garborgs sommarstove, …

Ope kvar sundag!
Knudaheio og Garborgheimen er opne alle sundagar i mai og juni kl. 12-16, men i juli og t.o.m. midten av august er det opent …

Kart til Garborgløypa
Nå kan du ta med deg smarttelefonen eller nettbrettet og oppleva litteraturen til Arne Garborg på ein ny måte. Ved hjelp av QR-kodar kan …
Kart og vegbeskriving
Sikvalandsvegen 72, 4342 Undheim
Knudaheio ligg ved FV 201 ved Undheim, 13 km frå Bryne på RV504.

Årskort
Eit årskort svarar seg ved tredje besøk og kan nyttast på alle musea til Jærmuseet.




