Bygg din eigen løgndetektor

Tilpassa læreplanen 8.- 10. trinn

Anbefalt tid: 90 min

Elevane får i dette undervisningsopplegget lodda og setja saman si eiga løgndetektor. Me lærer om komponentane (straumkilde, motstandar, og transistorar) og kva deira funksjon er i kretsen. På slutten av økta testar me løgndetektorane og finner ut korleis dei bruker elektrisk leidningsevne til å finna ut om du har gjort leksene!

Me har med oss alt utstyret elevane treng til å lodda, inkludert loddestasjonar og komponentar. Til å gjennomføra opplegget treng me eit klasserom (eller anna rom) med fleire straumuttak. Har de eit rom med kontaktar på pultane (t.d. ein naturfagsal) så går jobben vår raskare, men me klarer oss og med eit klasserom med minst 3-4 stikkontaktar, og gjerne god ventilasjon.

 

Frå fagfornyinga: 

 

Naturfag:  

Etter 10.trinn 

  • utforske, forstå og lage teknologiske system som består av ein sendar og ein mottakar
  • bruke programmering til å utforske naturfaglege fenomen

Etter 7.trinn 

  • utforske, lage og programmere teknologiske system som består av delar som verkar saman
  • reflektere over korleis teknologi kan løyse utfordringar, skape moglegheiter og føre til nye dilemma

Send førespurnad

Vil du bestilla?

Ta kontakt, så finn me ein dato og eit opplegg som passar.