Ein magisk matematikktime

, ,

Passar for: 2. trinn t.o.m. VGS

Anbefalt tid: 45 minutt

Me har samla ein del av våre favoritt-matematikktriks i det som blir ein magisk matematikktime. Føremålet er å gje elevane ei oppleving av at matematikk kan vera magisk og kjekt heilt utan å bruke lærebøker, blyant eller papir. Dess eldre elevane er, dess meir av teorien bak triksa kan me forklara. For dei yngste elevane vil det vera meir som å vera på eit trylleshow, der dei får sjå at matematikk kan vera noko heilt anna enn brøk og algebra.

Send førespurnad

Vil du bestilla?

Ta kontakt, så finn me ein dato og eit opplegg som passar.