Smarthus

,

Varigheit: 90 minuttar, maks 30 elevar.

Passar for: Elevar som har programmert micro:bit tidlegare, som allereie kan laste ned programmer til micro:bit og som er klar for å programmera breakout board og ulike typar servo. Elevane skal sjølv kople fleire av dei ulike komponentane til breakout boardet med leidningar.

Førebuing før undervisning:  Elevane må ha jobba med programmering med Micro:bit og ha erfaring med blokkprogrammering i makecode. Undervisninga legg ikkje opp til å læra elevane korleis ein lastar ned programmer til micro:bit når varigheita er 90 minuttar.

 

Elevane får tilgang til ei nettside (Google sites) kor dei finn ulike oppdrag som skal gjennomførast:

  • Velkomsttekst på OLED skjerm
  • Opna og lukka dør med servo
  • Få motoren med vifta til å skru seg på når temperaturen overstig ein gitt temperatur lest av ein sensor
  • Skru på lys når ein lyssensor merkar at det er mørkt
  • Alarm som reagerer på lyd i huset

 

Har de nokre spørsmål tek de kontakt, me finn alltid ei løysning viss dine elevar ikkje har erfaring med micro:bit !

Frå læreplanen:

Naturfag, etter 10.trinn:

  • utforske, forstå og lage teknologiske system som består av ein sendar og ein mottakar
  • bruke programmering til å utforske naturfaglege fenomen

Valfag programmering

  • bruke grunnleggande prinsipp i programmering, slik som variablar, løkker, vilkår og funksjonar, og reflektere over bruken av desse
  • analysere problema, gjera dei om til delproblem og gjera greie for korleis nokon av delproblema kan løysast med programmering

Send førespurnad

Vil du bestilla?

Ta kontakt, så finn me ein dato og eit opplegg som passar.