Me treng ny anleggsgartnerlærling på Vitengarden.

Me er på jakt etter ny lærling frå vår/haust 2017.

Vitengarden har dei siste 4 åra hatt lærlingplass for anleggsgartner. Vår lærling Therese Reime på bilete, tek fagprøve nå til våren.

Me kan tilby ein svært variert kvardag med mange ulike arbeidsoppgåver. Vår lærling blir ein del av personalet og bidrar i alt som skjer hos oss. Det blir tilrettelagt for prosjekt og oppgåver slik at ein får vore innom alt som læreplanen krev. Vitengarden samarbeider med Opplæringskontoret for anleggs- og bergfagene inne på Forus.

Er du den me søker? Ta kontakt med oss for ein uformell samtale kor me kan sjå på mulighetane i lag. Send ein henvendelse til vitengarden@jaermuseet.no eller ta kontakt med avdelingsdirektør Helene Østby Larsen tlf. 45254817

 


Vel museum

SøkEnglish

Kart og vegbeskriving

Kviavegen 99, 4365 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving

Parkering, buss og meir