Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Klepp, Time, Hå, Gjesdal og Sandnes, og regionalt vitensenter for Sørvestlandet. Vitensenteret i Jærmuseet består av to lokalitetar – Vitengarden på Nærbø og Vitenfabrikken i Sandnes. I tillegg har me Science Circus – vårt «vitensenter på hjul» som besøker skular i heile Rogaland.

Vitengarden er “vitensenteret midt i matfatet”. Utstillingar og formidling på Vitengarden tar utgangspunkt i dei grøne naturvitskapane, jærlandskapet, jordbruk, mat, energi og miljø.

Utstillingane på Vitenfabrikken er forankra i den regionale industrihistoria og byhistoria for Sandnes. Hovudtema elles er matematikk, astronomi, energi og miljø.

I 2019 hadde vitensenteravdelingane i Jærmuseet rett i overkant av 130.000 besøkande! Medan det samla talet for heile Jærmuseet var nærmare 190.000 gjester.

Kva er eit vitensenter?
Eit vitensenter er eit museum eller opplevingssenter der ein formidlar kunnskap om naturvitskap og teknologi gjennom interaktive utstillingar og eksperiment.

Eg gjer – kva skjer?

På vitensenteret kan både barn og vaksne eksperimentera med modellar og utforska teknologi og naturvitskaplege fenomen i fellesskap med andre. Du kan erfara koss teoriar fungerer i praksis og koss teknologien blir brukt i forsking og arbeidsliv. Utstillings- og formidlingsmetodane skil vitensentera frå tradisjonelle museum – på vitensenteret skal publikum sjå og røra. Vitensentera bygger si formidling på eit aktivt læringssyn – barn og unge skal “læra ved å gjera “. Eller for å sitera det gamle kinesiske ordtaket: “Eg høyrer og eg gløymer, eg ser og eg hugsar, eg gjer og eg forstår”.

Vitensentra skal legga til rette for at folk flest får betre kjennskap til og kunnskap om den teknologien som omgir oss i kvardagen, og koss naturvitskapen og den teknologiske utviklinga påverkar samfunnet rundt oss. Dei skal bidra til å auka interessa for naturvitskap og teknologi, og motivera barn og unge til å velja utdanning innanfor desse faga.

For meir informasjon om vitensentra i Noreg, sjå: www.vitensenter.no.

“Menneska har ikkje forstått før dei kan bruka kunnskapen i ein ny situasjon”
(Howard Gardner)

Ekstern evaluering av Jærmuseet

I 2016 bad Jærmuseet om ei ekstern evaluering av drift og formidling sett i eit internasjonalt perspektiv. Denne blei utført av dei tidlegare direktørane for dei store nasjonale vitensentera i Finland og Danmark, Per-Edvin Persson frå Heureka og Asger Høeg frå Experimentarium:

“«Vår generella slutsats är at Jærmmuseet är en unik institution av världsklass, helt jamførbar med de ledande institutionerna i världen i fråga om kreativitet, intellektuell stimulans och lokal relevans. Vi ar mycket imponerade.»

Nedanfor kan du lesa stakeholders letter frå Persson og Høeg:

Vel museum

SøkEnglish

Kart og vegbeskriving

Flyhistorisk Museum Sola

Sola Prestegårdsveg 170, 4050 Sola

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgheimen

Garborgvegen 597, 4346 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgsenteret

Hetlandsgata 11, 4344 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Grødalandstunet

Grødaland 64, 4365 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving

Haugabakka

Haugabakkavegen 9, 4352 Kleppe

Vis i kart Vegbeskriving

Knudaheio

Sikvalandsvegen 72, 4342 Undheim

Vis i kart Vegbeskriving

Limagarden

Limavegen 51, 4330 Ålgård

Vis i kart Vegbeskriving

Tungenes Fyr

Tungenesveien 217, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Varden

Nordsjøvegen 4061, 4364 Sirevåg

Vis i kart Vegbeskriving

Vistnestunet

Vistnesveien 148, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Vitenfabrikken

Storgata 28, 4307 Sandnes

Vis i kart Veibeskrivelse

Vitengarden

Kviavegen 99, 4365 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving