Søk om plass på talentsenteret!

Er du elev frå og med 5. trinn til og med VG1 neste skuleår? Syns du og at matematikk, naturfag og teknologi er knallkjekt? Høyres det spennande ut med faglege utfordringar samstundes som du får treffa andre som har talent og interesse for realfag? Då kan Talentsenter i realfag vera noko for deg.

Informasjon om søknadsprosessen

Ein søknad består av tre skjema (elev, lærar, føresette), der alle tre skjema må vera fylt ut for at me kan vurdera søknaden.

  1. Eleven sitt skjema
  2. Foreldre/føresette
  3. Lærarar

I tilfelle der det er fleire elevar frå same skule, set me og stor pris på om lærarar kan fylja ut ei prioriteringsliste.

Sidan undervisninga på talentsenteret foregår i skuletida, må deltaking godkjennast av lærar og skuleleiing. For elevar som skal byrja på ny skule (t.d. ved overgang til ungdomsskule eller vidaregåande), er det lærar ved noverande skule som søker. Så vil den nye skulen måtte godkjenna at eleven deltek.

For meir informasjon om talentsenter i realfag ved Jærmuseet, sjå hovudsida om talentsenteret.

Lurer du på noko?

Ta kontakt med Marianne Hægstad Risdal (mhr@jaermuseet.no) eller Jørn Hafver (joh@jaermuseet.no)


Vel museum

SøkEnglish

Kart og vegbeskriving

Flyhistorisk Museum Sola

Sola Prestegårdsveg 170, 4050 Sola

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgheimen

Garborgvegen 597, 4346 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgsenteret

Hetlandsgata 11, 4344 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Grødalandstunet

Grødaland 64, 4365 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving

Haugabakka

Haugabakkavegen 9, 4352 Kleppe

Vis i kart Vegbeskriving

Knudaheio

Sikvalandsvegen 72, 4342 Undheim

Vis i kart Vegbeskriving

Limagarden

Limavegen 51, 4330 Ålgård

Vis i kart Vegbeskriving

Tungenes Fyr

Tungenesveien 217, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Varden

Nordsjøvegen 4061, 4364 Sirevåg

Vis i kart Vegbeskriving

Vistnestunet

Vistnesveien 148, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Vitenfabrikken

Storgata 28, 4307 Sandnes

Vis i kart Veibeskrivelse

Vitengarden

Kviavegen 99, 4365 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving