Statoil vert ny hovudsamarbeidspartnar for Jærmuseet

Jærmuseet har i dag, 13. desember, signert sponsoravtale med vår nye hovudsamarbeidspartnar, Statoil. Verdien på avtalen er kr. 9 millionar. Den økonomiske støtta skal vera med på å styrka Jærmuseet si rolle som regionalt vitensenter og stimulera barn og unge si interesse for naturvitskap og realfag i regionen, med sæskilt fokus på temaet “Energi og miljø”. Støtta vil i hovudsak gå til å bygga nye utstillingar, laga nye formidlingsopplegg og fleire aktivitetar på anlegga Vitenfabrikken, Vitengarden og det omreisande vitensenteret Science Circus.

statoil_signering_nett

“Gjennom å støtta dei regionale vitensentra ønskjer me i Statoil å inspirera unge til å interessera seg for forsking, realfag og teknologi. Både me og samfunnet treng unge med interesse for realfag for å løysa morgondagens utfordringar”, seier teknologidirektør i Statoil, Siri Espedal Kindem.

stjernekraft_robot2

Signeringa av avtalen skjedde på Vitenfabrikken, og markerte samstundes starten på prosjektet “Energi og miljø”. Elevar frå Sandnes vgs vart sist veke utfordra til å laga modellar som symoliserer energi og miljø i framtida. Desse modellane er nå stilt ut på Vitenfabrikken og her kan du sjå film frå prosessen, som vart leiar av Jazzmontør.

statoil_mlfrid

Diretør i Jærmuseet, Målfrid Snørteland, var særs glad for at Statoil vel å støtta opp om Jærmuseet si satsing for å auka interessa for realfag blandt barn og unge. “Dei ekstra midlene me nå får gjer det muleg for oss å nå ut til enda fleire, og det vil og føra til at fleire skular kan besøka oss. Med desse midlene skal me laga gode utstillingar og formidlingsopplegg, der me knyttar realfaga til regionen si historie” avslutta Snørteland.

For meir informasjon, kontakt:

Direktør i Jærmuseet, Målfrid Snørteland, telefon 913 90 361

Media Relations Officer i Statoil, Liv Jannie Omdal, telefon 976 67 137

Les om hendelsen på Stavanger Aftenblad sine sider: http://www.aftenbladet.no/lokalt/sandnes/Milliondryss-til-Jrmuseet-2905399.html


Vel museum

SøkEnglish

Kart og vegbeskriving

Flyhistorisk Museum Sola

Sola Prestegårdsveg 170, 4050 Sola

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgheimen

Garborgvegen 597, 4346 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgsenteret

Hetlandsgata 11, 4344 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Grødalandstunet

Grødaland 64, 4365 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving

Haugabakka

Haugabakkavegen 9, 4352 Kleppe

Vis i kart Vegbeskriving

Knudaheio

Sikvalandsvegen 72, 4342 Undheim

Vis i kart Vegbeskriving

Limagarden

Limavegen 51, 4330 Ålgård

Vis i kart Vegbeskriving

Tungenes Fyr

Tungenesveien 217, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Varden

Nordsjøvegen 4061, 4364 Sirevåg

Vis i kart Vegbeskriving

Vistnestunet

Vistnesveien 148, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Vitenfabrikken

Storgata 28, 4307 Sandnes

Vis i kart Veibeskrivelse

Vitengarden

Kviavegen 99, 4367 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving