Garborgheimen, eit kvitt jærhus med teglstak, bak ein steingard

Garborgheimen

Arne Garborg sin barndomsheim

Eit godt bevart jærhus med innreiing og møblar frå 1850-åra – ope for publikum om sommaren og elles etter avtale.

Eit godt bevart jærhus

Garborgheimen var Aadne (Arne) Garborg sin barndomsheim. Det er eit typisk jærhus og vart bygd i åra 1847/48 av foreldra Ane Oline og Eivind Aadneson Garborg. Innreiing og møblar er frå 1850-åra, og huset er skildra i fleire av Arne sine verk.

Huset vart freda av Riksantikvaren i 1939, og frå 1951 har Garborgheimen vore museumsbygg. Garborgheimen er også ein del av Garborgløypa, i lag med Knudaheio og Time kyrkje. Skannar du QR-kodane i og rundt huset, får du fram filmar og lydnuttar frå livet i Garborgheimen og Arne Garborg sine bøker.

Garborgheimen og Knudaheio, sommarstova til Arne Garborg, har same opningstider. Løyst billett på ein av stadene gjeld òg på den andre same dagen, og du får rabatt på inngangsbilletten til Garborgsenteret når du viser billett frå Garborgheimen eller Knudaheio.

Rom i Garborgheimen med den blå kista, stolar og fillerye på golvet

Opningstider

Opningstidene kjem snart.

Prisar og billettar

Inngangspengar:

kr 40,-; alle under 18 år går gratis.

 

Kva skjer

Det er ingen arrangement framover akkurat no. Sjå innom igjen snart!

Kart og vegbeskriving

Garborgvegen 597, 4346 Bryne

Kontakt

Telefon: +47 477 76 020

E-post: garborg@jaermuseet.no

Gunhild Hammeraas

Utstillingsleiar

904 75 656

guh@jaermuseet.no

Inger Undheim

Avdelingsdirektør

975 32 529

inu@jaermuseet.no

Stian Ravndal

Museumspedagog

414 50 830

sra@jaermuseet.no

Ørjan Zazzera Johansen

Formidlar og informasjonsansvarleg

990 03 483

oej@jaermuseet.no

Emilie Amdal Gjesteland

Resepsjon- og museumsbutikkansvarleg

404 35 420

eag@jaermuseet.no