
Limagarden
Eit gardstun med bygningar frå perioden 1800–1939
Garden ligg i eit gammalt og vakkert kulturlandskap med flott utsyn over Limavatnet.
Kva skjer
Det er ingen arrangement framover akkurat no. Sjå innom igjen snart!
Garden ved Limavatnet
Garden har eksistert sidan 1600-talet. Sau har alltid vore ein av hovudnæringane på garden. I tillegg livnærte dei seg mellom anna med fiske av aure, sik og røye i Limavatnet og Flassavatnet.
Dei tre søskena Tore, Jenny og Lars Lima blei siste generasjon som budde på og dreiv garden. Tore og Jenny testamenterte garden med bygningar, reiskap, utstyr og innbu til Gjesdal kommune under føresetnad av at garden skulle brukast til bygdemuseum.

Skule og barnehage
Undervisningsopplegg om mellom anna mat og matlaging før og no, byggjeskikk, fuglar og fiske i Limavatnet – gratis for grunnskulen.
Planlegg besøket
Stengt i dag
| Onsdag 28. oktober | Stengt |
|---|---|
| Torsdag 29. oktober | Stengt |
| Fredag 30. oktober | 12.00–16.00 |
| Laurdag 31. oktober | 12.00–16.00 |
| Sundag 1. november | 12.00–16.00 |
| Måndag 2. november | Stengt |
| Tysdag 3. november | Stengt |