Årboka Sjå Jæren 2019

Den 31. utgåva av Sjå Jæren er nå levert, ferdig produsert frå trykkeriet.

Årets årbok inneheld fleire artiklar med særs ulike tema. Den har totalt ni artiklar og er hovudsakleg skriven av tilsette i Jærmuseet. Unntaka er Madli Hjermann, Otto Laurits Fuglestad og Even Smith Wergeland. Storleverandør i år er museets mangeårige sjefskonservator Målfrid Grimstvedt. Ho har skrive heile tre artiklar, to åleine og éin saman med Hjermann. Grimstvedt skreiv sin første Sjå Jæren-artikkel allereie i 1989, i Jærmuseet si aller første årbok. Sidan har ho skrive meir enn 20 artiklar, åleine eller saman med andre, og har vore ein kontinuitetsberar i årboksamanheng og for Jærmuseet som heilskap. Også Inger Smidt Olsen, som i år er medforfattar på ein artikkel, har vore med lenge. Ho skreiv sitt første bidrag til årboka i 1998. Nå har både Grimstvedt og Smidt Olsen valt å trappa ned, men me håpar å høyre meir frå dei likevel!

Artiklane du kan lesa om i årboka er:

Sauen, gjetaren og hunden av Grimstvedt og Hjermann presenterer noko som er del av eit større prosjekt om sauene som er på sommarbeite i fjellet. Fotoarkivar Madli Hjermann har samla inn digitale foto som sauefolk sjølv har tatt, både frå Facebook og mobiltelefon. Dette er på mange måtar eit nybrotsarbeid. Korleis skal musea samla dagens digitale foto? Har sauefolket eit anna blikk enn det som vår eigen fotograf fangar?

Krigsminne frå Ogna, Brusand og Øvra Bygdå er skrive av Otto Laurits Fuglestad. Han var berre seks år då andre verdskrigen var over, men har i artikkelen skrive om kvardagen i okkupasjonstida, med fokus på området han vaks opp i.

I Realistiske utopiar har arkitekturhistorikar Even Smith Wergeland sett på regionalplanutviklinga for Jæren, kva det blei noko av og idear som i dag er gløymde.

Fine former og frisk dekor tek for seg ei flott gåve som Jærmuseet fekk av Torbjørg Sægrov i Sandnes. Artikkelen er skrive av Inger Smidt Olsen og Per Inge Bøe, og handlar om lokalprodusert keramikk.

Minnestad handlar om Knudaheio si historie. Inger Undheim har funne fram nokre flotte bilete av korleis Arne Garborg si skrivestove er blitt brukt under og etter diktaren si tid.

Smiene på Motland og Audamotland og Oppdrag: Audamotland er to artiklar om dei gamle smiene på Motland og Audamotland. Målfrid Grimstvedt har sett på det historiske, medan Odd-Geir Rosland har beretta om arbeidet med å restaurera ei slik smie.

Hulda Garborgs litterære skandale er skriven av Ørjan Zazzera Johansen. Her han han sett nærare på kva som utspelte seg på Nationaltheateret i 1904 og korleis forfattaren Hulda Gaborg opplevde dette.

Arne Thorvaldsen og hans bemerkelsesverdige karriere er namnet på Sondre B. Hvam si beretning om ein norsk jagerflygar under den kalde krigen. Også denne historia er basert på ei gåve til Jærmuseet, denne gongen frå gilde etterkomarar.

Åtte-skillingen. Ein numismatisk godbit er siste artikkel i boka. Ei forteljing om ein raritet i Jærmuseet si samling skriven av Målfrid Grimstvedt.

Kor kan boka kjøpast? 

Årboka er til sals i butikkane på Vitengarden, Vitenfabrikken og Garborgsenteret og elles utvalde bokhandlarar i regionen.

Framme f.v.: Per Inge Bøe, Madli Hjermann, Otto Laurits Fuglestad, Sondre B. Hvam. Midtre rekke: Inger Undheim, Målfrid Grimstvedt, Inger Smidt Olsen. Bak f.v.: Odd-Geir Rosland, Ranveig Tunheim (bildeansvarleg), Ørjan Zazzera Johansen.

For meir informasjon, kontakt prosjektleiar Per Inge Bøe.

Telefon 90865242 / pib@jaermuseet.no

 

 


Vel museum

SøkEnglish

Kart og vegbeskriving

Flyhistorisk Museum Sola

Sola Prestegårdsveg 170, 4050 Sola

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgheimen

Garborgvegen 597, 4346 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgsenteret

Hetlandsgata 11, 4344 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Grødalandstunet

Grødaland 64, 4365 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving

Haugabakka

Haugabakkavegen 9, 4352 Kleppe

Vis i kart Vegbeskriving

Knudaheio

Sikvalandsvegen 72, 4342 Undheim

Vis i kart Vegbeskriving

Limagarden

Limavegen 51, 4330 Ålgård

Vis i kart Vegbeskriving

Tungenes Fyr

Tungenesveien 217, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Varden

Nordsjøvegen 4061, 4364 Sirevåg

Vis i kart Vegbeskriving

Vistnestunet

Vistnesveien 148, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Vitenfabrikken

Storgata 28, 4307 Sandnes

Vis i kart Veibeskrivelse

Vitengarden

Kviavegen 99, 4367 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving