Besøk av kulturminister Widvey

Besøk av kulturminister og representantar frå kulturdepartmentet

Tysdag 16. september hadde me gleda av å få besøk frå kulturminister Thorhild Widvey og representantar frå kulturdepartmentet og Rogaland høyre.

Statsråden var her i samband med opninga av Norsk- olje og gass arkiv, og brukte ettermiddagen på å få eit nærare innblikk i utstillingane på Vitenfabrikken, Vitengarden og Garborgsenteret. Widvey fekk og presentert planane for tredje steg av det regionale vitensenteret – det maritime vitensenteret i Tungevågen. Følget fekk òg vera med ned i det nye tre- og metall magasinet på Vitengarden, kor Samlingsteam Rogaland i det siste har registrert, fotografert og digitalisert fleire tusen gjenstandar.

Ministeren viste stor begeistring for det ho fekk sjå, og avslutta dagen med å seia at ho var veldig imponert over Jærmuseet, kor flinke dei tilsette har vore til å tilpassa seg endringar – og samstundes ha fokus på framtida.

Her er eit par bilete frå besøket:

20140916_Besøk av kulturministaren201 ERB

På Vitenfabrikken fekk statsråden både fanga lysbogar med 500 000 volt, og sjå kor mykje ho var verd i gull etter dagens verdi. “Dette burde Siv Jensen ha sett”, uttalte ho. Me ynskjer finansministeren velkommen!

20140916_Besøk av kulturministaren781 ERB

På Garborgsenteret fekk ministeren prøva “Strid”, eit spel om bruk av media, språk og demokrati. Diktarhjulet engasjerte også, og statsråden viste lyriske evner med følgande strofe: “Ingen søv på angrande ord”.

20140916 TOA (10)

 

Siste stopp var Vitengarden. Her var det først omvising inne i teknologi- og landskaputstillinga. Etterpå var det tid for å visa den nye utstillinga om energi og miljø, “SNU”. Her er ordførar i Hå, Mons Skrettingland saman med statsråden framfor sjølve symbolet for utstillinga; opp-ned-treet.

Foto: Elin Ravndal Bell og Tormod Aass, Jærmuseet


Vel museum

SøkEnglish

Kart og vegbeskriving

Flyhistorisk Museum Sola

Sola Prestegårdsveg 170, 4050 Sola

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgheimen

Garborgvegen 597, 4346 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgsenteret

Hetlandsgata 11, 4344 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Grødalandstunet

Grødaland 64, 4365 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving

Haugabakka

Haugabakkavegen 9, 4352 Kleppe

Vis i kart Vegbeskriving

Knudaheio

Sikvalandsvegen 72, 4342 Undheim

Vis i kart Vegbeskriving

Limagarden

Limavegen 51, 4330 Ålgård

Vis i kart Vegbeskriving

Tungenes Fyr

Tungenesveien 217, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Varden

Nordsjøvegen 4061, 4364 Sirevåg

Vis i kart Vegbeskriving

Vistnestunet

Vistnesveien 148, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Vitenfabrikken

Storgata 28, 4307 Sandnes

Vis i kart Veibeskrivelse

Vitengarden

Kviavegen 99, 4367 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving