Flytta inn i nytt bygg

Dei siste tre åra har det vore stor byggeaktivitet ved Jærmuseet sitt hovudkontor på Nærbø. Først vart det bygga eit underjordisk magasin på 2200m2, før eit nytt administrasjons- og verkstadbygg vart reist opp på magasinet, og ved sida av eksisterande bygningar.

Bygget husar kontor for museet sin administrasjon, for Samling- og dokumentasjonsavdelinga, Science Circus og ein romsleg snikkarverkstad for handverkarane. Dessutan er det bibliotek, prosjektrom, pauserom eit og møterom som kan leigast ut.

Fleire av dei tilsette har til nå hatt kontor i ei brakkerigg i over ti år. Andre satt der det var plass i krå og gangar i kontoravdelinga på Vitengarden. Nå er det veldig godt å endeleg koma under same tak, og kunne arbeide samla. I tillegg er det frigjort plass på Vitengarden. Her vert det eit utvida undervisningsrom, og betre kontorplass for personalet der.

Helen&Hard er arkitektane

Kontorbygget er teikna av arkitektfirmaet Helen&Hard og er på 720m2, fordelt på to etasjar. Det glir fint inn saman med bygningane på Vitengarden. Formmessig har det likhet med museet men skil seg likevel ut. Det var eit uttalt ønskje av arkitektane som teikna museet på 1990-talet at eventuelle nye bygningar ikkje skulle vera ein blåkopi av det beståande, men eit uttrykk for tida det vart bygd i. Det har Helen&Hard meistra på ein glimrande måte.

Materialbruk

Utvendig er tak og veggar kledd med ubehandla furu i kjerneved. Bygget skal gråne naturleg slik som dei andre bygningane. Innvendig er tak og yttarveggar kledd med eit kraftig bølgjande furupanel. Kanskje det første panelet i sitt slag i Noreg. Elles er det i stor utstrekning nytta poppelfiner på innerveggar og til fast reolinnreiing. Deleveggane går ikkje opp til taket. Øvre delen er glasspanelar slik at bygget i samspel med eit langsgåande overlys får eit svært luftig preg.

Bygget er finansiert med midlar løyvd av Hå kommune og av Jærmuseet sin eigenkapital.

Mange lokale firma har vore involvert

Me ynskjer å takka følgjande firma som har vore involvert i å reisa bygget:

  • Arkitekt: Helen&Hard, Stavanger
  • Rådgjevar/byggeherreombod: ALC A/S, Øksnevadporten
  • Grunnarbeid: RISA AS, Nærbø
  • Betongarbeid: Kvia AS, Nærbø
  • Tømrararbeid: Byggelaget AS, Brne
  • Elektroinstallasjonar: Rogaland Elektro AS, Stavanger
  • Ventilasjon: SL Solland AS, Stavanger
  • Røyrleggar: NRE AS, Nærbø
  • Stålarbeid: SL Mekaniske AS, Bryne
  • Heis: Schindler Heis AS, Vennesla
Foto: Victoria Bergort / Byggelaget
Foto: Victoria Bergort / Byggelaget
Foto: Victoria Bergort / Byggelaget
Foto: Victoria Bergort / Byggelaget
Foto: Victoria Bergort / Byggelaget
Foto: Victoria Bergort / Byggelaget
Foto: Victoria Bergort / Byggelaget
Foto: Victoria Bergort / Byggelaget

Vel museum

SøkEnglish

Kart og vegbeskriving

Flyhistorisk Museum Sola

Sola Prestegårdsveg 170, 4050 Sola

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgheimen

Garborgvegen 597, 4346 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgsenteret

Hetlandsgata 11, 4344 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Grødalandstunet

Grødaland 64, 4365 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving

Haugabakka

Haugabakkavegen 9, 4352 Kleppe

Vis i kart Vegbeskriving

Knudaheio

Sikvalandsvegen 72, 4342 Undheim

Vis i kart Vegbeskriving

Limagarden

Limavegen 51, 4330 Ålgård

Vis i kart Vegbeskriving

Tungenes Fyr

Tungenesveien 217, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Varden

Nordsjøvegen 4061, 4364 Sirevåg

Vis i kart Vegbeskriving

Vistnestunet

Vistnesveien 148, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Vitenfabrikken

Storgata 28, 4307 Sandnes

Vis i kart Veibeskrivelse

Vitengarden

Kviavegen 99, 4367 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving