JÆP022 Kvernelands Fabrik/Kvernelands Fabrikk A/S

I 1879 grunnla Ole Gabriel Kverneland bedrifta med namnet “O.G. Kvernelands Fabrik” ved Frøylandsvatnet i Time kommune. Her produserte han ljåar i si eiga smie. Seinare gjekk bedrifta over til produksjon av plogar, harver, svansar og andre jordbruksreiskap – først hand- og hestereiskap, seinare også for det mekaniserte landbruket.

1894 omgjorde O.G. Kverneland bedrifta  til eit aksjeselskap for å få tak i kapital for vidare utvikling og vekst. Aksjeselskapet var eigd av familien. Først i 1983 gjekk dette selskapet på Oslo Børs.

Frå midten av 1950-talet såg bedrifta seg om etter ekspansjonsmuligheiter både i Norge og i utlandet. Det resulterte i oppkjøp av Globus Maskinfabrikk i Brumunddal i 1955. Seinare, i 1984, kjøpte Kverneland ASA Kyllingstad Plogfabrikk på Kleppe og,  i 1986, Underhaugs Fabrikk på Nærbø . Den første utanlandske fabrikken som blei ein del av konsernet var Plogfabrikken Fraugde i Danmark i 1973.

Jærmuseet har hatt samarbeid med Kverneland sidan slutten av 1980-talet. I fleire omgangar har bedrifta avlevert både gjenstandar, arkiv og fotomateriale til Jærmuseet.

Jærmuseet har nå overteke alt av det historiske arkivet etter Kvernelands Fabrik. I 2011/2012 er dette blitt listeført. Delar av arkivet har blitt ordna etter kvart. Dette gjeld publisert materiale som katalogar og bedriftsaviser.

Arkivet etter Kvernelands Fabrik viser eit vidt spekter av verksemda i bedrifta. Me finn her både korrespondanse, rekneskapsmateriale og publisert materiale. Her finnes det materiale som systematisk blei arkivert i forskjellige avdelingar og materiale som stod hos enkelte tilsette. Materialet i arkivet etter Kvernelands Fabrik/Kvernelands Fabrikk A/S/Kverneland ASA spenner over  tidsrommet 1878 til 2002.

En oversikt over produksjonsår til Kvernelands Fabrik / Kvernelands Fabrikk A/S / Kverneland Norge AS sine produkter finner du her.

Innsyn i arkivmaterialet kan gis om ein vender seg til Jærmuseet.


Vel museum

SøkEnglish

Kart og vegbeskriving

Flyhistorisk Museum Sola

Sola Prestegårdsveg 170, 4050 Sola

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgheimen

Garborgvegen 597, 4346 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgsenteret

Hetlandsgata 11, 4344 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Grødalandstunet

Grødaland 64, 4365 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving

Haugabakka

Haugabakkavegen 9, 4352 Kleppe

Vis i kart Vegbeskriving

Knudaheio

Sikvalandsvegen 72, 4342 Undheim

Vis i kart Vegbeskriving

Limagarden

Limavegen 51, 4330 Ålgård

Vis i kart Vegbeskriving

Tungenes Fyr

Tungenesveien 217, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Varden

Nordsjøvegen 4061, 4364 Sirevåg

Vis i kart Vegbeskriving

Vistnestunet

Vistnesveien 148, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Vitenfabrikken

Storgata 28, 4307 Sandnes

Vis i kart Veibeskrivelse

Vitengarden

Kviavegen 99, 4367 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving