Gradvis opning av museumsanlegga

Jærmuseet tok del i den nasjonale dugnaden mot Covid-19 og stengte alle musea frå 13. mars. Nå er me klar til å opna dørene og ynskja publikum velkomne til gode opplevingar igjen!

Opninga av musea vil skje gradvis og forsiktig, og det vert lagt stor vekt på at det skal vera trygt for både gjester å besøka oss, og for tilsette å vera på jobb.

Det er gjort vurderingar av alle musea, og det kan vera at nokre deler av utstillingane vil vera stengt. Dette vil gjelda dei utstillingane med mykje interaktivitet og “hands-on”-aktivitet. Likevel er det mykje å både sjå og oppleva, og me gler oss til igjen å kunne vise gjester rundt i dei fantastiske anlegga og utstillingane.

Planlagte opningsdatoar for kvart enkelt museumsanlegg ser du i lista nedanfor. På kvar enkelt anlegg si side vil du få oversikt over opningstider, billettar og aktivitetar. Merk at det er mogleg for barnehagar, skular og andre bestilte grupper å koma før me opnar for vanleg publikumsbesøk – ta kontakt for bestilling.

Har du Jærmuseet sitt årskort? Me utvider alle årskorta til å vara tilsvarande periode som det me nå har hatt stengt.

Søndag 24. mai (ope kvar søndag etter dette) 

Tungenes fyr
Flyhistorisk Museum Sola
Torpedoverkstedet, Sola (NYHEIT!)

Søndag 7. juni (ope kvar søndag etter dette)

Knudaheio
Garborgheimen
Limagarden
Grødaland

Laurdag 20. juni

Vitenfabrikken

Søndag 21. juni

Vitengarden

Eventuelle spørsmål kan rettast til direktør Målfrid Snørteland, telefon 91390361 / e-post: msn@jaermuseet.no


Vel museum

SøkEnglish

Kart og vegbeskriving

Flyhistorisk Museum Sola

Sola Prestegårdsveg 170, 4050 Sola

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgheimen

Garborgvegen 597, 4346 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgsenteret

Hetlandsgata 11, 4344 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Grødalandstunet

Grødaland 64, 4365 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving

Haugabakka

Haugabakkavegen 9, 4352 Kleppe

Vis i kart Vegbeskriving

Knudaheio

Sikvalandsvegen 72, 4342 Undheim

Vis i kart Vegbeskriving

Limagarden

Limavegen 51, 4330 Ålgård

Vis i kart Vegbeskriving

Tungenes Fyr

Tungenesveien 217, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Varden

Nordsjøvegen 4061, 4364 Sirevåg

Vis i kart Vegbeskriving

Vistnestunet

Vistnesveien 148, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Vitenfabrikken

Storgata 28, 4307 Sandnes

Vis i kart Veibeskrivelse

Vitengarden

Kviavegen 99, 4367 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving