Kulturdepartmentet vil ha Vitenvågen

Jærmuseet sitt vitensenter i Tungevågen kan bli ein realitet i løpet av dei nærmaste åra.

Det kom fram då kulturministar Abid Raja (V) fredag 26. mars la fram Stortingsmeldinga “Musea i samfunnet – tillit, ting og tid”. Meldinga rettar eit særleg fokus på den norske kystkulturen. Denne delen av den norske kultursoga fekk lite merksemd i den tidlege utviklinga av dei kulturhistoriske musea i Norge på slutten av 1800-talet. Dette har retta seg noko opp dei siste femti åra, Kulturdepartementet ønsker likevel «å ha eit kystfokus i museumspolitikken dei komande tiåra.» Dei understrekar vidare at «Gjennom alle tider har store delar av folket i dette landet hatt blikket vendt mot havet: det handlar om fiske og fangst med tilhøyrande bygningar, båtar og reiskapar; samferdsle langs kysten og sjøfart til framande land; og det dreier seg om moderne tider med oljerelaterte næringar, offshoreverksemd og tilhøyrande bygging av skip og plattformer.»

Ynskjer investeringssøknad frå Vitenvågen

Kulturdepartementet uttrykker i Stortingsmeldinga at dei vil prioritera investeringssøknader som kan løfta kystkulturen si historie. I første omgang gjeld dette seks prosjekt som Kulturdepartementet har motteke søknadar om, og som har vore handsama og fått ein positiv vurdering av Norsk kulturråd. Maritimt vitensenter i Tungevågen, med arbeidstittel Vitenvågen, er eit av desse prosjekta. Vitensenteret blir omtala slik i Stortingsmeldinga:

«Maritimt vitensenter i Tungevågen i Randaberg kommune vert planlagt oppført i tilknyting til Tungenes fyr og den maritime formidlingsarenaen som Jærmuseet alt har der. Delar av denne avdelinga av Jærmuseet – det historiske fyret – er ein del av Kystverkmusea, som er etatsmuseum under Kystverket. Samanlikna med fleire av dei andre historiske fyra som inngår i Kystverkmusea, ligg dette i ein tett folkesett region med tilhøyrande gode vitjingstal.»

Felles mål for Jærmuseet og Randaberg kommune

Randaberg kommune og Jærmuseet har sidan 2000 hatt eit felles mål om det maritime vitensenteret Vitenvågen i Tungevågen. Nærare 2500 kvadratmeter skal fyllast med interaktive utstillingar om havbruk, maritim industri og Kystverket si historie og verksemd i dag. Med utsikt mot havet skal Vitenvågen gi innsikt i livet langs kysten med formidling som vekker oppsikt. Dette er visjonen vår.

Les meir om det maritime vitensenteret

Les heile Stortingsmeldinga

Kontaktpersonar

For kommentarar og utfyllande informasjon, kontakt:

Direktør i Jærmuseet, Målfrid Snørteland, telefon 913 90 361

Avdelingsleiar Tungenes fyr, Eirik Gurandsrud, telefon 952 26 689


Vel museum

SøkEnglish

Kart og vegbeskriving

Flyhistorisk Museum Sola

Sola Prestegårdsveg 170, 4050 Sola

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgheimen

Garborgvegen 597, 4346 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgsenteret

Hetlandsgata 11, 4344 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Grødalandstunet

Grødaland 64, 4365 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving

Haugabakka

Haugabakkavegen 9, 4352 Kleppe

Vis i kart Vegbeskriving

Knudaheio

Sikvalandsvegen 72, 4342 Undheim

Vis i kart Vegbeskriving

Limagarden

Limavegen 51, 4330 Ålgård

Vis i kart Vegbeskriving

Tungenes Fyr

Tungenesveien 217, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Varden

Nordsjøvegen 4061, 4364 Sirevåg

Vis i kart Vegbeskriving

Vistnestunet

Vistnesveien 148, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Vitenfabrikken

Storgata 28, 4307 Sandnes

Vis i kart Veibeskrivelse

Vitengarden

Kviavegen 99, 4367 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving