Når steingardane skal på museum

Eit forskingsprosjekt om steingardane på Jæren og forteljingane dei rommar. Leiar av forskingsprosjektet er konservator NMF Anne Jorunn Frøyen.

Jæren er kjend for steingardane, dei deler opp kulturlandskapet og fortel om slitet med å dyrke jorda. I dette prosjektet var vi ute etter å kartlegge kva hendingar som gav verdi, positiv eller negativ, til steingardane. Vi ville sjå korleis synet på dei hadde endra seg over tid.

Steingardane markerte grenser frå jernalderen til slutten av 1700-talet. Då blei nye, høgare steingardane eit symbol på moderniseringa av jordbruket. Dei synte at jærbøndene var eit hardt arbeidande folk. På denne tida fekk steingardane også ein anna praktisk funksjon, dei blei nyttige lager for all steinen som elles var i vegen for plogane. Dessutan var dei høge nok til å halde husdyra på plass, og bøndene kunne slutte å gjete.

Utover 1900-talet vart dei til hinder for moderniseringsprosjektet. Steingardane var i vegen for dei nye, større maskinene og måtte vekk. I staden blei steinen grava ned. Denne praksisen var ikkje alltid vellykka sidan det var vanskeleg å få god vekst i jorda som låg over. I staden kunne dei skyve steinen saman i store fyllingar, men det syns mange var skjemmande i det elles vakre landskapet.

På slutten av 1970-talet fekk steingardane ein renessanse på Jæren, og dei blei igjen ein del av moderniseringsprosjektet. Store, breie steingardar blei sett opp i grensene mellom eigedommane. Dei blei ofte sett opp av entreprenørar med steinarbeid som leveveg. Steingardane  fekk igjen verdi som praktisk lager for stein. Samtidig var dei estetiske objekt som gjorde jærlandskapet vakrare, og laga eit band til ein gammal tradisjon og slitet for å dyrke denne jorda. Men dei gamle steingardane var framleis i vegen, dei måtte ofte fjernas.

Steingardane er enno populære. Dei høyrer ikkje berre til på gardane, dei vert bygde kring hagar i byggefelt, i industriområde eller ved kjøpesentra. Steinen treng ikkje komme frå jorda rett ved, dei kan vere frå eit bruk i nabobygda, eller frå utmarka til garden. Steingardane kan vere laga av dyrkingsstein frå Jæren, eller av stein frå eit steinbrot i Ryfylke. Det viktigaste er at steingardane er vakre. Steingardane er praktiske lager for stein, minner oss om fortida, men er mest til pynt.

Prosjektet er eit resultat av deltaking i samtidsnettverket for musea i Norge og fellesprosjektet Samtidskoden. Det blei avslutta i 2014. Sjå Frøyen, Anne Jorunn. 2014. Når steingardane skal på museum i Heimen Tidsskrift for lokal og regional historie Nr 4/2014 s. 355-372.


Vel museum

SøkEnglish

Kart og vegbeskriving

Flyhistorisk Museum Sola

Sola Prestegårdsveg 170, 4050 Sola

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgheimen

Garborgvegen 597, 4346 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgsenteret

Hetlandsgata 11, 4344 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Grødalandstunet

Grødaland 64, 4365 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving

Haugabakka

Haugabakkavegen 9, 4352 Kleppe

Vis i kart Vegbeskriving

Knudaheio

Sikvalandsvegen 72, 4342 Undheim

Vis i kart Vegbeskriving

Limagarden

Limavegen 51, 4330 Ålgård

Vis i kart Vegbeskriving

Tungenes Fyr

Tungenesveien 217, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Varden

Nordsjøvegen 4061, 4364 Sirevåg

Vis i kart Vegbeskriving

Vistnestunet

Vistnesveien 148, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Vitenfabrikken

Storgata 28, 4307 Sandnes

Vis i kart Veibeskrivelse

Vitengarden

Kviavegen 99, 4367 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving