Publikumsrekord i sommar

Mest besøk hadde Vitenfabrikken i Sandnes, som er Jærmuseet si største avdeling. Utstillinga TURI design, som opna i juni, trekte mange besøkande som mimra godt då dei kjendte igjen fleire koppar og tallerkar frå sitt eige eller besteforeldra sitt kjøkken.

Likevel var det Vitengarden på Nærbø som hadde den største auken samanlikna med i fjor. Utstillinga “Ei verd på spel” som stod på Vitengarden blei ein stor suksess og det var mange som ville vera spelebrikke og på ein interaktiv måte læra meir om ulikskapane i verda. Tungenes Fyr kan óg visa til gode tal og under utseglinga til Tall Ships Race besøkte over 6000 skodelystne fyret heilt på nordspissen av Jæren.
EVPS_Bryne_VGS
Biletet over: Publikum viste stor engasjement på Vitengarden si utstilling “Ei verd på spel”. Her leiter ein etter mat i eit u-land
Våre mindre, lokale avdelingar Grødaland, Limagarden og Vistnestunet hadde alle ein liten nedgang frå fjoråret. På desse stadane er ein veldig véravhengig og alt regnet i sommar gjorde nok sitt til at publikum heller valde andre tilbod. I haust derimot har ein hatt fleire gode aktivitetsdager på desse avdelingane så totalt sett for heile året så ser det lyst ut.
Stort sett så er dei besøkande til avdelingane våre om sommaren nordmenn som ferierer i eige land, men ein har i år óg sett ein auke i besøk frå utlandet, og då særleg frå Danmark, Tyskland og Nederland.
.


Vel museum

SøkEnglish

Kart og vegbeskriving

Flyhistorisk Museum Sola

Sola Prestegårdsveg 170, 4050 Sola

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgheimen

Garborgvegen 597, 4346 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgsenteret

Hetlandsgata 11, 4344 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Grødalandstunet

Grødaland 64, 4365 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving

Haugabakka

Haugabakkavegen 9, 4352 Kleppe

Vis i kart Vegbeskriving

Knudaheio

Sikvalandsvegen 72, 4342 Undheim

Vis i kart Vegbeskriving

Limagarden

Limavegen 51, 4330 Ålgård

Vis i kart Vegbeskriving

Tungenes Fyr

Tungenesveien 217, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Varden

Nordsjøvegen 4061, 4364 Sirevåg

Vis i kart Vegbeskriving

Vistnestunet

Vistnesveien 148, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Vitenfabrikken

Storgata 28, 4307 Sandnes

Vis i kart Veibeskrivelse

Vitengarden

Kviavegen 99, 4367 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving