Sjå Jæren 2013: Kvinnestemmer

Nytt bilde 2

Sjå Jæren 2013: Kvinnestemmer

Årboka til Jærmuseet, Sjå Jæren, har i år fått tittelen “Kvinnestemmer”. I år markerer Stemmerettsjubileet at det er 100 år sidan innføringa av allmenn stemmerett i Norge. I dag er dette sjølvsagt i vår del av verda, men for 100 år sidan var det ikkje slik. Den stegvise utvidinga av stemmeretten for kvinner fram mot innføringa av allmenn stemmerett i 1913, er ein milepæl verd å minnast.

Det er difor naturleg å la “Kvinnestemmer” tala i årboka for 2013. Gjennom historiene til 20 kvinner, busette i Sandnes, får me del i kvardagsliv og opplevingar. Utvalet av kvinner gir seg ikkje ut for å vera representativt, men historiene vert ikkje mindre interessante og verdfulle av den grunn.

Det er Torbjørg Sægrov og Sigmund Alsvik som står bak presentasjonen av dei 20 kvinnene. Dei har gjennomført eit imponerande arbeid. Gjennom tekstar og foto formidlar dei kvinneportrett som gir lesarane spennande og varierte livshistorier og tidsbilde frå omlag 1920 og fram til i dag. Viktig kvardagshistorie frå vår nære fortid vert levande og nær.

Boka vart lansert på Vitenfabrikken 21. oktober med dei aller fleste av dei intervjua kvinnene til stades. Den kan kjøpast i butikkane på Vitengarden, Vitenfabrikken og Garborgsenteret, og i bokhandlarar i distriktet frå fyrste veka i november.


Vel museum

SøkEnglish

Kart og vegbeskriving

Flyhistorisk Museum Sola

Sola Prestegårdsveg 170, 4050 Sola

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgheimen

Garborgvegen 597, 4346 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgsenteret

Hetlandsgata 11, 4344 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Grødalandstunet

Grødaland 64, 4365 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving

Haugabakka

Haugabakkavegen 9, 4352 Kleppe

Vis i kart Vegbeskriving

Knudaheio

Sikvalandsvegen 72, 4342 Undheim

Vis i kart Vegbeskriving

Limagarden

Limavegen 51, 4330 Ålgård

Vis i kart Vegbeskriving

Tungenes Fyr

Tungenesveien 217, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Varden

Nordsjøvegen 4061, 4364 Sirevåg

Vis i kart Vegbeskriving

Vistnestunet

Vistnesveien 148, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Vitenfabrikken

Storgata 28, 4307 Sandnes

Vis i kart Veibeskrivelse

Vitengarden

Kviavegen 99, 4367 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving