Statsråd kom med millionar

Torsdag 10. september kom helseminister Bent Høie på besøk til Jærmuseet på Nærbø. Han var utsendt av kulturminister Torhild Widvey og med seg hadde han ei gledeleg melding: Jærmuseet får 18,8 millionar til bygging til nytt magasin- og utstillingsbygg i tillegg til 4,7 millionar til vedlikehald av sine kulturhistoriske bygg. Ein gledens dag for museet!

Med i følget var både fylkesordførar Janne Johnsen, fylkesvaraordførar Terje Halleland og ordførar i Hå – Mons Skrettingland.

Underjordisk magasin- og utstillingsbygg

Jærmuseet er eit museum som har ansvar for mange store gjenstandar, både landbruksgjenstandar og andre. Desse står i dag lagra under lite tilfredsstillande forhold i ulike løer rundt på Jæren. Med midler frå Kulturdepartmentet, samt eigenkapital, vil Jærmuseet nå bygga ein underjordisk maskin- og reiskapshall der publikum vil få sjå dei store samlingane av landbruksmaskinar og reiskaper på området ved Vitengarden. Magasinet vert på rundt 2700m2 og vil få:
studiemagasin for landbruksreiskap
vanleg magasin
eit rom for mottak og registrering

Jærmuseet sit på eit skattekammer som fortel landbrukshistoria på Jæren. Av musea i Norge har Jærmuseet den største samlinga av gjenstandar som viser den mekaniserte og maskinelle utviklinga i norsk jordbruk. Museet får dagleg førespurnadar frå interesserte som har funne bilete av gjenstandane på digitaltmuseum, og som gjerne vil sjå dei “live”. Det underjordiske magasinet er tenkt at skal vera opent for publikum, som dermed vil få eit endå betre innblikk i historia enn tidlegare.

Midlar til kulturhistoriske bygg

Jærmuseet har ansvar for 59 kulturhistoriske bygningar i kommunane Hå, Time, Klepp, Gjesdal, Sola, Randaberg og Sandnes. Fleire av desse har stort behov for vedlikehald. Med midlene frå regjeringa vil dette arbeidet koma i gang snarast.

Både det underjordiske magasinet og vedlikehald vil gje store ringverkningar til lokale entreprenørar – og for dei besøkande til Jærmuseet.

For meir info, kontakt direktør Målfrid Snørteland. Telefon 913 90 361.


Vel museum

SøkEnglish

Kart og vegbeskriving

Flyhistorisk Museum Sola

Sola Prestegårdsveg 170, 4050 Sola

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgheimen

Garborgvegen 597, 4346 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgsenteret

Hetlandsgata 11, 4344 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Grødalandstunet

Grødaland 64, 4365 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving

Haugabakka

Haugabakkavegen 9, 4352 Kleppe

Vis i kart Vegbeskriving

Knudaheio

Sikvalandsvegen 72, 4342 Undheim

Vis i kart Vegbeskriving

Limagarden

Limavegen 51, 4330 Ålgård

Vis i kart Vegbeskriving

Tungenes Fyr

Tungenesveien 217, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Varden

Nordsjøvegen 4061, 4364 Sirevåg

Vis i kart Vegbeskriving

Vistnestunet

Vistnesveien 148, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Vitenfabrikken

Storgata 28, 4307 Sandnes

Vis i kart Veibeskrivelse

Vitengarden

Kviavegen 99, 4367 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving