Tungenes fyr med raudt lyktehus og kvite bygningar på svaberget ein sommardag

Tungenes Fyr

Eit kulturelt fyrtårn med eit mangfaldig aktivitetstilbod

I fyrbygningen kan du oppleva korleis fyrvaktaren og familien hans budde på 1930-talet. I uthuset finn du ulike temautstillingar.

Kva skjer

Sjå alt som skjer

Fyret på nordspissen av Jæren

Nokre talglys i eit loftsvindu i Tungevågen leidde fiskarane inn til Stavanger, og silda gav byen store inntekter. Fyret blei seinare oppgradert og modernisert og utgjorde etter kvart eit viktig seglingsmerke for all skipstrafikk i området. I 1984 blei fyret avfolka og erstatta med ei lykt på skjæret «Bragen» utanfor neset.

Tungenes og områda rundt er populære utfartsstader for befolkninga i Sør-Rogaland og for turistar. Naturopplevingane er storslåtte og rike i all slags vêr og til alle tider, og mange kombinerer besøket på Tungenes med ein gåtur i Tungevågen.

Tungenes fyr sett frå lufta, med fyranlegget, steingardar og sjøen i bakgrunnen

Skule og barnehage

Undervisning på fyret saman med pedagog frå Jærmuseet er gratis for alle elevar i grunnskulen.

Selskap og utleige

Kafélokalet i den gamle betjentbustaden kan leigast til selskap, minnestund, møte, kurs og konferanse – for inntil 50 personar.

Planlegg besøket

Stengt i dag

Dei neste sju dagane
Onsdag 28. oktoberStengt
Torsdag 29. oktoberStengt
Fredag 30. oktoberStengt
Laurdag 31. oktoberStengt
Sundag 1. november12.00–16.00
Måndag 2. novemberStengt
Tysdag 3. novemberStengt

Adresse

Tungenesveien 217, 4070 Randaberg