Redningsskøyte på sjøen utanfor svaberg langs kysten

Varden

Varden sjøredningsmuseum

Museet opna i 1977 for å ta vare på og dokumentera utstyret til redningsstasjonane på Jæren.

Jærkysten kan vera vêrhard og nådelaus

Mange sjøfolk omkom i brenningane utanfor Jæren. Fram til midten av 1800-talet fanst det ikkje redningsutstyr, og folk på land stod hjelpelause. Dei første redningsstasjonane vart oppretta i 1854.

I museet kan du sjå redningsbåten «Trygg», ein flatbotna surfebåt, og komplett utstyr frå redningsstasjonane: skyteutstyr for livline med rakettar, kanon, tauverk og ei stor samling foto av skip som har forlist langs jærkysten.

Museumsbygget i Varden sett utanfrå, med gamle gjenstandar frå sjøen i graset

Opningstider

Stengt i dag

Dei neste sju dagane
Onsdag 28. oktoberStengt
Torsdag 29. oktoberStengt
Fredag 30. oktoberStengt
Laurdag 31. oktoberStengt
Sundag 1. novemberStengt
Måndag 2. novemberStengt
Tysdag 3. novemberStengt
28. september – 28. oktober
MåndagStengt
TysdagStengt
OnsdagStengt
TorsdagStengt
FredagStengt
LaurdagStengt
SundagStengt

Prisar og billettar

Billettprisar:
Barn og ungdom t.o.m. 18 år: gratis
Vaksne: kr 40

Besøksadresse

Nordsjøvegen 4061

Kva skjer

Det er ingen arrangement framover akkurat no. Sjå innom igjen snart!

Skule og barnehage

Skuleopplegget «Langs farleg stronn» handlar om stormar, båtar, forlis og redningsarbeid langs jærkysten.

Kart og vegbeskriving

Nordsjøvegen 4061, 4364 Sirevåg

Varden sjøredningsmuseum ligg inne på området til Ogna Camping.

Nordsjø-sykkelruta går gjennom campingplassen. Om du vil reisa kollektivt, er det trygt og enkelt å koma seg til togstasjonane på Brusand eller Ogna. Her er sykkelsti i begge retningar.

Kontakt

Telefon: +47 477 76 020

E-post: post@jaermuseet.no

Eirik Gurandsrud

Avdelingsleiar/historikar

95 22 66 89

eig@jaermuseet.no