Velkommen til ein gild og tradisjonsrik redningsdag i Varden kor du får sjå redning både på den gamle og den nye måten!
Varden sjøredningsmuseum ligg på området til Ogna camping. I og rundt museet denne dagen kan du bli med på:
- Bli med inn i museet og høyr spennande forteljingar om sjøredning langs jærkysten
- Høyr om redning på gamle måten – og test redningsstolen
- Møt Eliasbåten
- Lag ditt eige tau på reperbanen
- Bygg din eigen båt og test den på vatnet etterpå
- Lag din eigen rakett og sjå kor langt den fyk av garde
- Opplev lyden og lukta når båtmotorane startar opp
- Underhaldning med Stavanger sjømannsforening sitt shantykor
- Sporløype, spleis, tauringer og mykje meir
.
Tidspunkt ein bør merka seg:
Kl. 12.00 Offisiell opning
Kl. 13.30 Felles avgang ned til amfiet ved sjøen (Holmasanden)
Kl. 14.00 Demonstrasjon av redning på gamlemåten
Kl. 14.30 Moderne redning med redningsskøyta








Parkering: Me oppmodar dei som kjem med bil om å parkera på Brusand eller Ogna og gå bort til området. Det går òg fint å ta toget til Brusand stasjon og gå derifrå.
Arrangørar: Jærmuseet, Hå historielag, Jæren Kystlag, Sirevåg dykkerklubb, Ogna camping og Reve redningsstasjon
