Jærmuseet Science Circus søkjer pedagog/realist med digital kompetanse (digital potet)

Stillinga er ei 18-månadars prosjektstilling.

Jærmuseet har fått fleire nye prosjektoppdrag som skal fullførast i 2025, og treng derfor to ekstra hender for å nå over alt me skal gjera.

Science Circus er Jærmuseet sitt omreisande vitensenter – eit vitensenter på hjul!

Science Circus har ansvar for å drifta talentsenter i realfag i Rogaland.

Science Circus har som målsetting å pirra nysgjerrigheita og undringa til barn og ungdom innan naturvitskap og matematikk. Me prøver å stimulera alle delar av skulesamfunnet.

Jærmuseet Science Circus reiser i hovudsak rundt til skulane i Rogaland, men har òg vore på turnè både i Agder-fylka, på Island og på Færøyane.

Besøk til skulane består ofte av show, interaktive eksperiment i matematikk , naturfag og astronomi og undervisning av elevar. Science Circus held òg lærarkurs. Alle elementa er bygd opp etter hovudmåla i Kunnskapsløftet.

Science Circus har som målsetting:

  • Å gi elevane ei oppleving med realfag som dei hugsar
  • Skapa nysgjerrigheit og visa at realfag er spennande
  • At ein kan læra noko samtidig som ein har det moro

Trivst du i ein undervisingssituasjon med barn i alle aldrar? Liker du å leika?  Har du godt humør og klarer å ta ting på sparket? Er du i tillegg som poteta og kan brukast til alt? Ja, då kan det vera deg me ser etter.

Du må gjerne vera både pedagog og realist, eit snev av sirkusartist er heller ikkje å forakta, samt sosial, kreativ og nysgjerrig.

Arbeidsoppgåver:

  • Oppsøkande verksemd til skular i heile Rogaland (korte overnattingsturar må påreknast)
  • Digital formidling
  • Vera med å utvikle og gjennomføre realfagshow
  • Utarbeide nye undervisningsopplegg innan realfag
  • Utvikle og gjennomføre lærarkurs innan realfag og teknologi
  • Hjelpa til på Jærmuseet sine andre vitensenteravdelingar Vitengarden og Vitenfabrikken (ved behov)

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgare utdanning innan realfag, minimum bachleor
  • Grunnleggande programmeringsforståing/-kompetanse
  • Interesse for programmering
  • Evne til å omsetja teori i praksis
  • Må trivast i ein undervisningssituasjon i lag med barn i alle aldrar
  • Fordel med eit par års erfaring frå undervisning (mellomtrinn/u-trinn, vgs), men nyutdanna må gjerne søke
  • Gjerne sitja på mengder av nyttig og unyttig informasjon
  • Sjølvgåande, lettlært og uredd
  • Snakka norsk og engelsk, samt kunne skriva nynorsk og bokmål
  • Førarkort klasse B
  • Godkjent avgrensa politiattest

Jærmuseet tilbyr:

  • 100% prosjektstilling i 1 1/2 år, med moglegheit for forlenging
  • Allsidig arbeidsplass i stadig utvikling
  • Kreativt arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning
  • Fleksibel arbeidstid
  • Behandlingsforsikring
  • Løn etter avtale
  • Kontorplass på Vitengarden, Nærbø

Om Jærmuseet

ærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå, samt regionalt vitensenter for Sørvestlandet.
Museet har ca 70 årsverk og driv 13 ulike besøksanlegg i sju kommunar.

Jærmuseet er ein vitskapleg og kulturhistorisk institusjon som skal dokumentera regionen si historie gjennom innsamling, bevaring, forsking og formidling.
Museet er ein møteplass mellom natur, kultur og teknologi. Me inviterer publikum til å utforska kunnskap gjennom aktivitetar og opplevingar.

“Å samkøyra formidlingskonsept som har utgangspunkt både i vitensentera og musea sin kompetanse og formidlingstradisjon, er gjort med stort hell mellom anna på Jærmuseet, der dette òg er organisatorisk samkøyrt i same institusjon. Kulturdepartementet ser gjerne meir utveksling mellom vitensenter og museum, der dette er naturleg, i tida som kjem.” Meld. St. 23 (2020-2021) Musea i samfunnet — Tillit, ting og tid

Jærmuseet har årleg eit samla besøk på ca. 200.000.

Å ha ein inkluderande arbeidskultur kor me fremjar verdien av kvart einskild menneske som ressurs, er viktig for Jærmuseet. Alle tilsette skal møtast med respekt, og me ønskjer eit mangfald blant dei tilsette.

Søknadsfrist 27. mai 2024

For meir informasjon eller spørsmål, kontakt:

Avdelingsleiar Science Circus, Magne Hognestad

Telefon: 95 29 45 36

E-post: mho@jaermuseet.no

Glimt frå arbeidskvardagen til Science Circus:


Vel museum

SøkEnglish

Kart og vegbeskriving

Flyhistorisk Museum Sola

Sola Prestegårdsveg 170, 4050 Sola

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgheimen

Garborgvegen 597, 4346 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgsenteret

Hetlandsgata 11, 4344 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Grødalandstunet

Grødaland 64, 4365 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving

Haugabakka

Haugabakkavegen 9, 4352 Kleppe

Vis i kart Vegbeskriving

Knudaheio

Sikvalandsvegen 72, 4342 Undheim

Vis i kart Vegbeskriving

Limagarden

Limavegen 51, 4330 Ålgård

Vis i kart Vegbeskriving

Tungenes Fyr

Tungenesveien 217, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Varden

Nordsjøvegen 4061, 4364 Sirevåg

Vis i kart Vegbeskriving

Vistnestunet

Vistnesveien 148, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Vitenfabrikken

Storgata 28, 4307 Sandnes

Vis i kart Veibeskrivelse

Vitengarden

Kviavegen 99, 4365 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving