Har du pels liggande?

Jærmuseet samlar inn pels til ny utstilling.

Bilete av samlingsforvaltar Elisabeth Tungland og førstekonservator Anne Jorunn Frøyen som sitt ned og blar i ulike pelsplagg inne på eit arbeidsrom på Vitengarden.

Same dagen som pelsdyrnæringa offisielt blir forbode, laurdag 1. februar 2025, opnar Jærmuseet ei ny utstilling om pelsdyr på Vitengarden.

Jærmuseet skal dokumentera nyare norsk landbrukshistorie. Pelsdyr har vore ei viktig næring i Rogaland i nesten hundre år. På det meste, i 1969, var det heile 721 pelsdyrgardar på Jæren. Det er difor heilt naturleg at Jærmuseet både samlar inn gjenstandar og historier knyta til næringa, og lagar ei utstilling om denne.

Planlegginga av utstillinga er godt i gang. No treng me hjelp! Har du pels liggande på loftet, i skuffer og skap som du ønsker å donera for å vera med på å fortelja ei viktig historie, høyrer me gjerne i frå deg!

Kva vil me ha?

  • Kler: alle typar pels – huer, kåper, vottar, skjerf med meir!
  • Nips og pynteting, puter og klokkestrengar med mink eller rev på.

Kor kan du levere det inn?

Det er sett av to tidspunkt der du kan koma og levera det du ønsker å donera:

  • Onsdag 10. april kl. 18.00 – 19.30: Vitenfabrikken, Storgata 28, Sandnes
  • Onsdag 24. april kl. 18.00 – 19.30: Vitengarden, Kviavegen 99, Nærbø

Meir informasjon?

Ta kontakt med Anne Jorunn Frøyen, førstekonservator i Jærmuseet: ajf@jaermuseet.no

Her kan du lesa litt om dokumentasjonsarbeidet Jærmuseet har gjort i samband med nedlegging av pelsdyrfarmane.


Vel museum

SøkEnglish

Kart og vegbeskriving

Flyhistorisk Museum Sola

Sola Prestegårdsveg 170, 4050 Sola

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgheimen

Garborgvegen 597, 4346 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgsenteret

Hetlandsgata 11, 4344 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Grødalandstunet

Grødaland 64, 4365 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving

Haugabakka

Haugabakkavegen 9, 4352 Kleppe

Vis i kart Vegbeskriving

Knudaheio

Sikvalandsvegen 72, 4342 Undheim

Vis i kart Vegbeskriving

Limagarden

Limavegen 51, 4330 Ålgård

Vis i kart Vegbeskriving

Tungenes Fyr

Tungenesveien 217, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Varden

Nordsjøvegen 4061, 4364 Sirevåg

Vis i kart Vegbeskriving

Vistnestunet

Vistnesveien 148, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Vitenfabrikken

Storgata 28, 4307 Sandnes

Vis i kart Veibeskrivelse

Vitengarden

Kviavegen 99, 4367 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving