Jærmuseet og Universitetet i Stavanger inngår samarbeidsavtale

Museumsbesøkande og studentar får nye, spennande moglegheiter når Jærmuseet og UiS utvidar samarbeidet. Teknologi-praksis for lærarstudentar, studentoppgåver frå museet sine område og auka samarbeid om forsking og innovasjon er berre noko av innhaldet i avtalen.

Rektor ved UiS Klaus Mohn og direktør i Jærmuseet Atle Fiskaa er begge glade for at samarbeidet nå vert formalisert.

Jærmuseet og Universitetet i Stavanger (UiS) samarbeider frå før om formidlings- og undervisningsaktivitetar. Nå vert samarbeidet utvida med fleire forskings- og innovasjonsprosjekter.

– Jærmuseet sin forskingskompetanse er aukande, og me vil bidra i fleire pågåande forskingsprosjekt ved UiS, blant anna eit prosjekt om digital kompetanse i lærarutdanninga. Jærmuseet håpar òg å få på plass ein doktorgradskandidat, seier direktør ved Jærmuseet, Atle Fiskå.

Formidling av skulefag utanfor klasserommet

Jærmuseet hentar allereie i dag inn forskingskompetanse frå UiS på områder der museet sjølv ikkje har slik kompetanse. UiS har òg bidrege med kompetanse og undervisning i Jærmuseet sitt talentsenter i realfag.

Samstundes drar UiS nytte av vitensenterpedagogikken Jærmuseet sin stab har utvikla. Blant anna har lærarstudentar frå UiS praksis under Jærmuseet sine ulike realfagstilbod for grunnskulen.

– Naturfag, teknologi og andre fag blir ikkje nødvendigvis formidla i klasserommet. Jærmuseet sin mangeårige satsing på interaktiv læring gir våre lærarstudentar kompetanse som er svært etterspurt, både i skulen og elles i samfunnet, seier rektor ved Universitetet i Stavanger, Klaus Mohn.

Krigsveke for historiestudentar

Bachelor- og masterstudentar i historie, matematikk og andre fag får moglegheita til å skrive oppgåver på Jærmuseet sine kjerneområder; landbrukshistorie, regional industrihistorie, demokrati, språk og litteratur og matematikk-didaktikk. 

Jærmuseet er også medarrangør på ei årleg krigsveke for historiestudentar. Her er studentane blant anna innom Flyhistorisk Museum Sola og Torpedoverkstedet.

Masterstudentar i naturfagsdidaktikk skal i løpet av året fleire gonger innom Vitenfabrikken på kurs og undervisning.  

Forsking på Vitenfabrikken 

UIS og Jærmuseet samarbeidar óg om undervisning av studentar i ulike emne, barnehage- og skuleundervisning ved Jærmuseet, og lærarkurs.

Jærmuseet har hatt kurs for universitetet sitt digitale laboratorium for lærarstudentar, Digitalt Didaktisk Verksted, og Vitenfabrikken er arena for eit forskingsprosjekt der hundrevis av barnehagebarn blir intervjua kvart år.  

– Jærmuseet har mange samanfallande ønske og mål med Universitetet i Stavanger. Me arbeidar begge med å skape fagmiljø av god kvalitet og breidde innan utdanning, undervisning, forsking, kunnskapsformidling og innovasjon, seier Atle Fiskå.

Meir informasjon om avtalen?

Kontakt Elin Nyberg, avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt ved UiS

Telefon: 971 10 920 / elin.nyberg@uis.no

Elin Ravndal Bell, marknadssjef Jærmuseet

Telefon: 908 03 864 / erb@jaermuseet.no


Vel museum

SøkEnglish

Kart og vegbeskriving

Flyhistorisk Museum Sola

Sola Prestegårdsveg 170, 4050 Sola

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgheimen

Garborgvegen 597, 4346 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgsenteret

Hetlandsgata 11, 4344 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Grødalandstunet

Grødaland 64, 4365 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving

Haugabakka

Haugabakkavegen 9, 4352 Kleppe

Vis i kart Vegbeskriving

Knudaheio

Sikvalandsvegen 72, 4342 Undheim

Vis i kart Vegbeskriving

Limagarden

Limavegen 51, 4330 Ålgård

Vis i kart Vegbeskriving

Tungenes Fyr

Tungenesveien 217, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Varden

Nordsjøvegen 4061, 4364 Sirevåg

Vis i kart Vegbeskriving

Vistnestunet

Vistnesveien 148, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Vitenfabrikken

Storgata 28, 4307 Sandnes

Vis i kart Veibeskrivelse

Vitengarden

Kviavegen 99, 4365 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving