Lærarkurs om elevar med stort læringspotensial

Me held gratis lærarkurs for skuler/kommunar/fylket og andre.

Me kjem gjerne på besøk til skulen i planleggingstida.

Kursa våre om elevar med stort læringspotensial er delt i 2 modular, me anbefaler alle å ta modul 1 før modul 2. Kvar modul har varigheit på omlag 2,5 time.

I tillegg til desse modulane kan me tilpassa lærerkurs etter behov. Me kan til dømes halda eigne kurs med fokus på konkrete aktivitetar som kan berike undervisninga innanfor naturfag og matematikk.

Modul 1 – Elevar med stort læringspotensial

Ein stor del av elevgruppa med stort læringspotensial blir seint eller aldri identifisert.

Modul 1 har fokus på kva som kjenneteiknar desse elevane – både positive og negative kjenneteikn.

Me går og gjennom dei seks psykologiske profilane for elevar med SLP: Kva for nokre likskapar og forskjellar har dei, beste tilnærming osv.

Korleis kan me og bør me kartlegge elevar for å finne dei som har stort læringspotensial?

I løpet av kurset blir det tid til å starte arbeidet med kartlegging av elevar på sin skule.

Modul 2 – Tilpassa opplæring for alle, og for elevar med stort læringspotensial

Modul 2 handler om tilpassa opplæring i eigen praksis. Det hjelper lite å idenfisere elevar med stort læringspotensial, om me ikkje har tenkt å gjera noko med den informasjonen.

Fokuset er ikkje bare elevar med stort læringspotensial: Me lærar konkrete og enkle metodar som gjer det lettare å ta omsyn til alle elevane i klassen, frå lågt presterande til dei med stort læringspotensial.

Me har og fokus på at metodane me presenterar IKKJE skal bety mykje meirarbeid for læraren.

Ta kontakt med Marianne om din skule/kommune er interessert i lærarkurs.

Prosjektleiar: Marianne Hægstad Risdal, tlf 95033139, epost mhr@jaermuseet.no

For å finne ut meir om Talentsenter i realfag, gå til hovudsida om Talentsenteret.


Vel museum

SøkEnglish

Kart og vegbeskriving

Flyhistorisk Museum Sola

Sola Prestegårdsveg 170, 4050 Sola

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgheimen

Garborgvegen 597, 4346 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgsenteret

Hetlandsgata 11, 4344 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Grødalandstunet

Grødaland 64, 4365 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving

Haugabakka

Haugabakkavegen 9, 4352 Kleppe

Vis i kart Vegbeskriving

Knudaheio

Sikvalandsvegen 72, 4342 Undheim

Vis i kart Vegbeskriving

Limagarden

Limavegen 51, 4330 Ålgård

Vis i kart Vegbeskriving

Tungenes Fyr

Tungenesveien 217, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Varden

Nordsjøvegen 4061, 4364 Sirevåg

Vis i kart Vegbeskriving

Vistnestunet

Vistnesveien 148, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Vitenfabrikken

Storgata 28, 4307 Sandnes

Vis i kart Veibeskrivelse

Vitengarden

Kviavegen 99, 4367 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving