1,4 millionar kroner til Jærmuseet

Jærmuseet mottok måndag 25. januar ei gledeleg melding om at museet får nærare 1,4 millionar kroner i gåveforsterkingsmidlar frå Kulturdepartementet.

Kulturdepartementet innførte ordninga med gåveforsterking i 2014. Museum som får ei pengegåve over 100.000, kan søkje Kulturdepartementet om statleg gåveforsterking på 25%. Målet er å motivera museum til å arbeida for å få inn fleire private midlar. 

Jærmuseet søkte for seks gåver som museet fekk i 2020. Samtlege søknadar vart innvilga, og museet får dermed nærare 1,4 millionar kroner som vil gå direkte inn i dei ulike prosjekta.

Gåvene som museet søkte om var følgjande:
  • Kr. 3.800.000  frå Ludv. G. Braathens fond til kjøp og utvikling av utstilling i utrangert Braathensfly DC-6B, Flyhistorisk Museum Sola
  • Kr. 250.000 frå Aker Biomarine til kjøp og utvikling av utstilling i utrangert Braathensfly DC-6B, Flyhistorisk Museum Sola
  • Kr. 150.000 frå venneforeninga Flyhistorisk Museum Sola til kjøp og utvikling av utstilling i utrangert Braathensfly DC-6B, Flyhistorisk Museum Sola
  • Kr. 750.000 frå Sandnes Sparebank sitt gåvefond til ny astronomiutstilling, Vitenfabrikken
  • Kr. 500.000 frå Sparebankstiftelsen SR-bank til mezzanin i nytt underjorisk magasin ved Nærbø
  • Kr. 137.403 frå Stiftelsen UNI til brannsikringstiltak på museumsanlegga til Jærmuseet
Pengane kjem godt med

Direktør i Jærmuseet, Målfrid Snørteland, er særs nøgd med tildelingane:

“Jærmuseet har mange gode samarbeidspartar som støttar opp om utviklinga av museet og publikumstilbodet vårt. Det er ekstra motiverande både for oss og for dei, at Kulturdepartmentet belønnar dette arbeidet med gåveforsterkingsordninga. Pengane vil koma godt med i utviklinga av nye og spennande publikumstilbod på fleire av anlegga våre, i tillegg til sikringstiltak for bygg og gjenstander”.

For ytterlegare kommentarar, kontakt direktør Målfrid Snørteland:

telefon 913 90 361 / msn@jaermuseet.no

Foto av DC-6B: Reidar Årstad


Vel museum

SøkEnglish

Kart og vegbeskriving

Flyhistorisk Museum Sola

Sola Prestegårdsveg 170, 4050 Sola

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgheimen

Garborgvegen 597, 4346 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgsenteret

Hetlandsgata 11, 4344 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Grødalandstunet

Grødaland 64, 4365 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving

Haugabakka

Haugabakkavegen 9, 4352 Kleppe

Vis i kart Vegbeskriving

Knudaheio

Sikvalandsvegen 72, 4342 Undheim

Vis i kart Vegbeskriving

Limagarden

Limavegen 51, 4330 Ålgård

Vis i kart Vegbeskriving

Tungenes Fyr

Tungenesveien 217, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Varden

Nordsjøvegen 4061, 4364 Sirevåg

Vis i kart Vegbeskriving

Vistnestunet

Vistnesveien 148, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Vitenfabrikken

Storgata 28, 4307 Sandnes

Vis i kart Veibeskrivelse

Vitengarden

Kviavegen 99, 4367 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving