Populært med digital kodeundervisning

Grunna høg etterspurnad, får òg 9. klassingar nå tilbod om å delta på “Kodekraft” – eit gratis, digitalt undervisningsprogram om programmering.

På landsbasis deltok kvar fjerde elev på 10. trinn på “Kodekraft” i 2020. På grunn av stor etterspurnad, vil nå 9. klassingar få tilbod om å melde seg på.

Kodekraft er ein undervisningspakke på to skuletimar, skreddersydd til læreplanen for 9. og 10. trinn. Elevane deltek anten frå klasserommet eller via heimeskule. Den fleksibiliteten med å tilpassa litt etter behov har nok vore nøkkelen til suksess det siste året, kor skolekvardagen stadig har endra seg, seier Jørn Hafver, ansvarleg for Kodekraft i Jærmuseet.

Det er ti regionale vitensentre som har gått saman om å lage Kodekraft. Støtte frå Equinors talentprogram Morgendagens gjer at dette kan leverast kostnadsfritt til skulane. Noko som er særs viktig.

Leverer til heile Rogaland

Så langt har formidlarane i Jærmuseet gitt Kodekraft til over 1000 elever frå heile Rogaland. Det aller meste foregår digitalt, men viss smittesituasjonen tillet det, kjem pedagogane óg ut til den enkelte skule. Tilbakemeldingane frå både lærarar og elever er særs positive – dette er eit tilbod som fungerer i ei spesiell tid og eit opplegg som inspirerer og motiverer elevane.

Nå er altså Jærmuseet klare til å gje eit tilbod til både 9. og 10. klassingar i Rogaland.

Bestille Kodekraft

Ynskjer du å bestille Kodekraft gratis for din skule/klasse? Send inn bestillinga via dette skjemaet så tek me kontakt snarast.

Jørn Hafver driv digital formidling av Kodekraft frå kontoret sitt på Nærbø.
Fakta om Kodekraft
  • Kodekraft er eit undervisningsprogram for 9. og 10. trinn som bidreg til elevane sin kompetanse innan programmering og energi, kobla til både eksisterande og ny læreplan.
  • Programmet er utvikla av ti regionale vitensentre i samarbeid med Equinors talentutviklingsprogram Morgendagens Helter, kor selskapet støttar unge talenter innan realfag, idrett og kultur.
  • Undervisningen sin hovuddel varer i 90 minutt. Den legg opp til at elevane i stor grad arbeidar praktisk med programmering frå klasserommet eller heimeskule.
  • Programmet krever hverken forkunnskap eller spesialutstyr. Elevane følger undervisninga via PC eller nettbrett
  • Les meir om undervisninga på www.kodekraft.no
Om Equinor Morgendagens helter

Equinor arbeider tett med fleire av landets vitensentre gjennom sitt talentutviklingsprogram Morgendagens helter, der satsing på realfag står sentralt. Morgendagens helter handlar om å løfta fram mennesker med evne og vilje til å tenke annleis, og med kompetanse til å arbeide hardt for å oppnå eineståande resultat.

Kontaktpersonar

Prosjektleiar for Kodekraft i Jærmuseet, Jørn Hafver: joh@jaermuseet.no / telefon 911 66 936


Vel museum

SøkEnglish

Kart og vegbeskriving

Flyhistorisk Museum Sola

Sola Prestegårdsveg 170, 4050 Sola

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgheimen

Garborgvegen 597, 4346 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgsenteret

Hetlandsgata 11, 4344 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Grødalandstunet

Grødaland 64, 4365 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving

Haugabakka

Haugabakkavegen 9, 4352 Kleppe

Vis i kart Vegbeskriving

Knudaheio

Sikvalandsvegen 72, 4342 Undheim

Vis i kart Vegbeskriving

Limagarden

Limavegen 51, 4330 Ålgård

Vis i kart Vegbeskriving

Tungenes Fyr

Tungenesveien 217, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Varden

Nordsjøvegen 4061, 4364 Sirevåg

Vis i kart Vegbeskriving

Vistnestunet

Vistnesveien 148, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Vitenfabrikken

Storgata 28, 4307 Sandnes

Vis i kart Veibeskrivelse

Vitengarden

Kviavegen 99, 4367 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving