Om talentsenteret

Jærmuseet starta på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet opp talentsenter i realfag i 2020. Ordninga med talentsenter i realfag ved vitensentre er en følgje av realfagsstrategien «Tett på realfag»  utarbeida av Kunnskapsdepartementet i 2015.

Talentsenter i realfag har samlingar for elevar, i tillegg til tilbod for elevar og lærerar ute på skular.

Samlingar

Målgruppa er elevar med stort læringspotensial, som presterer på høgt fagleg nivå eller har potensial til prestere på høgt fagleg nivå. Elevar med stort læringspotensial er like ulike som alle andre elevar, men dei har nokre ting til felles.  

Til dømes:

  • ein indre motivasjon for å lære slik at dei ikkje alltid bryr seg om karakter 
  • vil vite kvifor  
  • lærar fort og kan kjede seg med mange like oppgåver 
  • likar komplekse oppgåver
  • trekker sosialt mot eldre elevar og vaksne, for å finne nokon som har den same faglege forståinga av eit emne

Då tilbodet går under tilpassa opplæring under opplæringslova §1-3 vil deltaking på samling ikkje gje fråvær frå skulen. 

Søknad til talentsenteret skjer i samarbeid mellom skule, elev og føresette. Søknadsfrist for skuleåret 2026/2027 var 24. april.

Les meir om samlingane skuleåret 2026/27 her.

Sjå https://www.vitensenter.no/skoleleveranse/talentsenter-i-realfag/ for meir info om talentsenter i realfag nasjonalt, og om elevar med stort læringspotensial. 

Lærarkurs og opplegg i klassar

Talentsenter i realfag skal og vera ein ressurs for skular og lærerar som vil auka kompetansen om elevar med stort læringspotensial.

Me kan koma til skulen og halda lærarkurs om elevar med stort læringspotensial. Korleis identifisera dei, og korleis legga til rette for desse elevane i klasserommet. Til dømes i skulen si planleggingstid. Du kan lesa meir om lærarkursa her.

I tillegg kan me gjennomføra opplegg i heile klassar, eller for eigne grupper. Dette kan vera ei einskild hending, eller me kan hjelpa til med å setje i gang større prosjekt. Det kan og kombinerast med eit besøk av Science Circus.

Eit besøk på skulen blir tilpassa kva ynskje og behov de har. Ta kontakt, så avtaler me noko.

Ta kontakt med:

Prosjektleiar Marianne Hægstad Risdal, mhr@jaermuseet.no

Innhaldsansvarleg Jørn Hafver, joh@jaermuseet.no


Vel museum

SøkEnglish

Kart og vegbeskriving

Flyhistorisk Museum Sola

Sola Prestegårdsveg 170, 4050 Sola

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgheimen

Garborgvegen 597, 4346 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgsenteret

Hetlandsgata 11, 4344 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Grødalandstunet

Grødaland 64, 4365 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving

Haugabakka

Haugabakkavegen 9, 4352 Kleppe

Vis i kart Vegbeskriving

Knudaheio

Sikvalandsvegen 72, 4342 Undheim

Vis i kart Vegbeskriving

Limagarden

Limavegen 51, 4330 Ålgård

Vis i kart Vegbeskriving

Tungenes Fyr

Tungenesveien 217, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Varden

Nordsjøvegen 4061, 4364 Sirevåg

Vis i kart Vegbeskriving

Vistnestunet

Vistnesveien 148, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Vitenfabrikken

Storgata 28, 4307 Sandnes

Vis i kart Veibeskrivelse

Vitengarden

Kviavegen 99, 4365 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving