Podkastepisode: Tidenes jærbu – Garborg eller Haaland?

Kven er eigentleg størst av Garborg og Haaland?

I denne episoden av podkasten TING kastar vi oss rett inn i ein uventa duell mellom to jærske profetar – på kvar si side av historia.

I det eine hjørnet: Arne Garborg. Språkbyggjaren, tenkjaren, nasjonsformaren frå Jæren.

I det andre hjørnet: Erling Braut Haaland. Målmaskina som har sprengt grenser og blitt ei av dei største stjernene i verdas største idrett – ein moderne jærsk Samson.

Då jærbuane i 2023 kåra «tidenes jærbu», var det Garborg som gjekk av med sigeren. Ein litterær David som slo ein global fotball-Goliat. Riksmedia elska forteljinga.

Men på Jæren? Kanskje var det ikkje så overraskande likevel.

Så kva seier dette om oss? Kan ein i det heile samanlikne ein diktar og ein fotballspelar? Og finst det eigentleg eit svar på kven som er størst?

Dagens gjest meiner i alle fall det er verdt å prøve. Ørjan Zazzera Johansen frå Garborgsenteret er forfattar, lesevitar, formidlar – og kanskje ein liten oppviglar i denne samanhengen.

Velkomen til ein duell du ikkje visste du trong.

Fleire episodar

I den første sesongen av «Ting – frå Jærmuseet» dykker me mellom anna ned i ein litt annleis og ganske farleg del av norsk historie – noko som ikkje vert snakka så mykje om: kvardagen til dei norske militærflygarane under den kalde krigen. Denne tida forma ikkje berre forsvaret, men òg dei som sat i cockpit og flaug dei raskaste og mest moderne flya vi hadde.

Høyr fleire av episodane på Spotify eller der du vanlegvis høyrer på podkast.

Podkasten er produsert av Screen Story for Jærmuseet. Logodesign av Elisabeth Tungland, samlingsforvaltar i avdeling for Samling og dokumentasjon i Jærmuseet.


Vel museum

SøkEnglish

Kart og vegbeskriving

Flyhistorisk Museum Sola

Sola Prestegårdsveg 170, 4050 Sola

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgheimen

Garborgvegen 597, 4346 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Garborgsenteret

Hetlandsgata 11, 4344 Bryne

Vis i kart Vegbeskriving

Grødalandstunet

Grødaland 64, 4365 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving

Haugabakka

Haugabakkavegen 9, 4352 Kleppe

Vis i kart Vegbeskriving

Knudaheio

Sikvalandsvegen 72, 4342 Undheim

Vis i kart Vegbeskriving

Limagarden

Limavegen 51, 4330 Ålgård

Vis i kart Vegbeskriving

Tungenes Fyr

Tungenesveien 217, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Varden

Nordsjøvegen 4061, 4364 Sirevåg

Vis i kart Vegbeskriving

Vistnestunet

Vistnesveien 148, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Vitenfabrikken

Storgata 28, 4307 Sandnes

Vis i kart Veibeskrivelse

Vitengarden

Kviavegen 99, 4367 Nærbø

Vis i kart Vegbeskriving