Utgangspunktet for Kystverkmusea var eit arbeid for å få oppretta eit nasjonalt fyrmuseum. Denne ideen blei første gong lansert på slutten av 1980-talet, både i museumskrinsane rundt Tungenes fyr og Lindesnes fyr. Ved begge desse nedlagte fyrstasjonane hadde det på denne tida blitt etablert populære publikumstilbod, og Aftenposten såg føre seg eit kappløp om statusen “Norges fyrmuseum”. I staden blei fyrmuseumsidéen vidareutvikla i eit samarbeid mellom Tungenes fyr, Lindesnes fyrmuseum, Dalsfjord fyrmuseum, Lofotmuseet og Kystverket.

Dei fem musea i Kystverkmusea deler Norge mellom seg, både geografisk og fagleg. For Tungenes fyr sin del vil dette innebera eit musealt ansvarsomåde som dekker Kystverket sitt 2. distrikt (Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane) og eit større fokus på følgjande fagområde innanfor Kystverket: trafikksentraltenesta og los.

Besøk nettsida til Kystverkmusea

 

Kystreise.no

Kystreise er ein digital formidlingsplattform for maritim kulturhistorie. Her kan du finna filmar, tekst og bilete om maritim kulturhistorie og kulturminne frå heile norskekysten og frå ei rekke stader i Europa.

Besøk nettsida til Kystreise.no

Vel museum

SøkEnglish

Kart og vegbeskriving

Tungenesveien 217, 4070 Randaberg

Vis i kart Vegbeskriving

Parkering, buss og meir